Her kan du sjekke Facebook midt i fjellheimen

På denne moderne rasteplassen kan du surfe på internett og bruke ei heilt ny og elektronisk informasjonstavle. Alt dette på over 800 meters høgde - midt i fjellheimen.

Facebook i fjellheimen

TRÅDLAUST NETTVERK: Ein flunkande ny rasteplass midt i fjellet. Her kan du til og med surfe på internett.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Fjellheimen Brokke-Suleskarvegen

UNIKT: Her kan du sjekke nytt på dataen og nyte vakker natur samstundes.

Foto: NRK/Svein Sundsdal
Rasteplass Brokke Suleskarvegen

RASTEPLASS: Slik ser den splitter nye rasteplassen ut.

Foto: NRK/Svein Sundsdal
Thore Westermoen

FUNGERER: Fylkesordførar i Vest-Agder, Thore Westermoen, forsikrar seg om at den elektroniske informasjonstavla fungerer som den skal.

Foto: NRK/Svein Sundsdal
Bjørgulv S. Lund

STOLT: Ordførar i Valle, Bjørgulf S. Lund, er stolt over det nye nettilbodet i fjellet.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Onsdag føremiddag vart den nye rasteplassen opna langs Brokke-Suleskarvegen i Setesdal.

SJÅ OGSÅ: Planlegg turen på UT.no

– Kan lese lokalavisa

På 868 meters høgde kan du sjekke nettbanken, Facebook eller lese nyheiter. Utanlandske turistar kan oppdatere seg på området og nyheiter frå heimlandet.

– Det er nok ganske unikt. Her kan turistar og andre sjekke nettbanken, lese lokalavisa heime i Tyskland, medan dei kosar seg i eit fantastisk fjellområde, seier ordførar i Valle, Bjørgulv S. Lund til NRK.

I tillegg kan du orientere deg om verneområdet, villreinen, reiselivet i området og bydene på ei elektronisk informasjonstavle.

LES OGSÅ: Festivalsommer i fjellet
LES OGSÅ: Del din tur på UT.no

Rasteplassen ligg midt i Ryfylkeheiane Landskapsvernområde.

2000 bilar passerer dagleg

– På denne måten har vi ei fantastisk moglegheit til å gje informasjon til turistane og marknadsføre bygdene som ligg rundt, seier han.

Dagleg passerer rundt 2000 bilar på strekninga som er stengt om vinteren.

– Området der rasteplassen ligg heiter Håhelleren. Det er ein stad med fleire steinblokker, der forfedrene våre rasta og sov under når dei var på veg over heia. Det er ganske spesielt at fjellheimen no er utstyrt med breiband, seier Lund.

Framtidas rasteplass?

– Eg kjenner ikkje til liknande i Noreg. Det er jo vanleg med informasjonstavler i norske byar, men ei slik tavle i tillegg til breiband midt i fjellheimen har eg ikkje høyrt om før, legg han til.

LES OGSÅ: Flere kjører Brokke-Suleskard

Opninga av den nye rasteplassen vart kombinert med ei markering i samband med at det er 20 år sidan vegen mellom Valle og Sirdal vart opna. Ordføraren trur dette er framtidas rasteplass.

– Det trur eg så absolutt. Her har vi ei stor moglegheit til å marknadsføre kommunane våre gjennom å oppdatere informasjonstavla, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.