I Aust-Agder tingrett vart 28-åringen dømd til fem års ubetinga fengsel.
- LES OGSÅ: Fem års fengsel for politidrap
4. mars i år vart 48 år gamle Børge Ivarsen køyrt ned og drepen i Grimstad. Ivarsen skulle leggje ut ei spikermatte for å stoppe mannen då han vart meia ned.
Ikkje i tråd med forskriftene
Advokaten til mannen meinte at 28-åringen ikkje kunne vere klar over at køyringa hans ville føre til at Børge Ivarsen vart påkøyrd og drepen.
- LES OGSÅ: Ba om frifinning for politidrap
- LES OGSÅ: Erkjente straffeskyld
– Det er openbart at politimennene ikkje hadde tid til å sikre sperringa skikkeleg. Eg skal ikkje kritisere det, men vegsperringa var ikkje i tråd med forskriftene, seier a advokat Thor Bache-Wiig under rettssaka.
Men det er ikkje Agder lagmannsrett einig i, skriv fvn.no.
Dommen vert ståande
– Det kunne tvert om verke støytande dersom ein bilist som trasser seg fram på ein slik måte som den dømde, skal bli ansvarsfri for dødsfylgja nærast med den grunngjevinga at han kunne rekne med at han kunne rekne med at alle ville passe seg for han, skriv lagmannsretten ifølgje avisa.
- LES OGSÅ: Venner og familie tok farvel med Ivarsen
Dommen vert dermed ståande.