Hopp til innhold

Mann (32) teken for sexkjøp

32-åringen som vart teken med buksene nede i Kristiansand nyttårsaftan kan vente seg ei bot.

Politiet fekk tips om at ein mann var i ferd med å kjøpe sex i Kristiansand sentrum tysdag føremiddag.

– Vi sende ei patrulje og det viste seg å stemme, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.

32-åringen er meld for forholdet og risikerer no bot på opp mot 25 000 kroner.

I juli fortalde NRK at gateprostitusjon har auka betydeleg i Kristiansand, men at det samstundes er stadig færre som vert ilagt førelegg for sexkjøp.

Då sexkjøplova vart innført i 2009 var det åtte personar på Agder som fekk førelegg. Sidan har talet gått nedover.

I juli var det berre ein person som var bøtelagd for sexkjøp, trass i at Kristiansand kommune sitt helseteam altså har registrert at gateprostitusjonen i byen har auka betydeleg i omfang.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Ungdom viser hva som stresser dem

Dette stresser elevene

 Agder Fengsel - Froland

Stor interesse for ny fengselsutdanning

en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste