Hopp til innhold

Mæland Fredbo sette norsk rekord

Marianne Mæland Fredbo frå Lyngdal tok NM-gull og sette norsk rekord og tok NM-gull på 50 meter bryst for utøvarar med handicap.

Marianne Mæland

NORSK REKORD: Marianne Mæland frå Lyngdal tok NM-gull og sette norsk rekord på 50 meter bryst i symje-NM i Stavanger.

Foto: Torrey Enoksen

– Det var litt overraskande at det gjekk så raskt, for eg følte ikkje det gjekk så raskt. Men det er jo greit å vite at eg har endå meir å gå på, seier Marianne Mæland Fredbo til NRK.

Kortbane-NM i symjing føregår i Stavanger.

Ho kom i mål på tida 52,36. Det heldt til både norsk rekord og NM-gull på distansen i hennar klasse. Samstundes tok 23-åringen frå Lyngdal bronse på 50 meter butterfly med tida 49,95.

I dag skal ho i aksjon på 50 meter fri, medan ho skal kjempe om edelt metall på 100 meter bryst i morgon.

– 100 meter bryst er min sterkaste distanse, så der går eg for gull, seier Mæland Fredbo.

Hovudmålet til 23-åringen denne sesongen er langbane-VM i Nederland i august.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Ungdom viser hva som stresser dem

Dette stresser elevene

 Agder Fengsel - Froland

Stor interesse for ny fengselsutdanning

en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker

En flått sitter på et blad

– Vi har sett flått på dyr og mennesker til jul

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste