Hopp til innhold

Kor tjukk må skøyteisen vere?

Vatna er i ferd med å fryse til fleire stader. Mange har allereie funne fram skøytene. No ber turforeininga folk om å vere særs forsiktige på isen.

Per Tomas Skaanes

EKSPERTEN: Per Tomas Skaanes sjekka isen i Jergersberg i Kristiansand tysdag. Han meiner isen bør vere minst 10 centimeter tjukk.

Foto: Sander Heggheim/NRK - Kjell Pedersen/NRK

– Her var isen veldig tjukk. Cirka 18 centimeter. Den er trygg og god, seier Per Thomas Skaanes i Kristiansand og Oppland turistforeining til NRK.no.

– Ver forsiktig

Per Tomas Skaanes

KONTROLL: Per Tomas Skaanes sjekkar isen.

Foto: Kjell Pedersen/NRK

Han sjekka forholda på isen i Jegersberg-området i Kristiansand tysdag. Han har ei klar formeining om kva som er trygg is.

– Ein bør som regel ha ti centimeter. Då veit ein at dersom det skulle vere tynnare enkelte stader, vil ein framleis ikkje gå gjennom isen, seier han.

Likevel rår han folk til å vere særs forsiktige når ein skal gå på skøyter. Tek ein sjansar kan det få fatale konsekvensar.

Bør ha lokalkunnskap

– Ein må vite litt om lokale forhold og gjerne snakke med folk som er kjende på vatnet og er kjend med dei farlege områda på vatnet, seier Skaanes.

– Ta aldri sjansar. Det vil ofte vere fotspor ute på vatnet. Då er det freistande å ta turen sjølv, men ta gjerne ein liten kontroll med dei som veit litt. Om det så er kommunen eller turistforeininga eller andre, seier han.

Han ber folk spesielt sjekke isen ved inn- og utløp.

– I myrområder bør ein også vere veldig forsiktig, seier han.

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste
en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker