Hopp til innhold

Klikk og opplev krigen

Nye, klikkbare kart på internett gir folk moglegheit til å lese om fleire hendingar som skjedde på Agder under krigen.

Nytt datasystem på Arkivet

KLIKKBART: Eit nytt klikkbart kart, utvikla av to UiA-studentar, skal gjere det lettare å lære om krigen på Agder.

Foto: Elisabeth Sandve/NRK

Blant anna kan du lese om ein jødisk familie som måtte flykte då krigen braut ut. Karta er delt inn i ulike kategoriar, til dømes Gestapo-aksjonar.

Dei nye karta vart lansert tysdag.

– Informasjonen har vi fått ved å lese bøker og rapportar. Vi har og fått tips frå folk med lokalkunnskap, seier Jon Audun Johnsen til NRK.no.

40 russiske fangeleiarar

Saman med studiekameraten Øyvind Landgård har han utvikla dei klikkbare karta. I tillegg til Gestapo-aksjonar kan du i tillegg lese om radiostasjonar, flyslepp og russiske fangeleiarar.

– Eg ana ikkje at det fantest nesten over 40 russiske fangeleirar. Der eg spelte fotball når eg var liten var det ein leir under krigen. Det er så mykje grusomt som har skjedd som ein ikkje veit om før ein har lese det, seier han.

Stiftelsen Arkivet inviterer no lesarane til å dele sine historier.

Vil ha hjelp

– Til dømes i Gjerstad kan ein sjå at det var ein arrestasjon i midten av april 1945. Så seint trudde alle at krigen var slutt. Likevel vart bygda råka av arrestasjonar. Slik held det fram, seier Bjørn Tore Rosendal frå Stiftelsen Arkivet.

– Vi vil gjerne ha kontakt med folk som har forslag til nye kategoriar av kva kart vi kan lage. Eller kanskje vi kan forbetre plassering og informasjon om ting som allereie ligg ute, seier han.

Dei klikkbare karta kan du sjå på www.stiftelsen-arkivet.no

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste
en mann som sitter ved et bord

Ti siktet etter ransbølgen: Politiet utelukker ikke flere pågripelser

Arendal

Droner observert over Arendal sentrum – politiet etterforsker