NRK Meny
Normal

Kan ta tid å finne ny Start-trenar

Start vil bruke tid på å finne Knut Tørum sin erstattar. Frode Fredriksen skal leie laget til ei permanent løysing er på plass.

Frode Fredriksen og Sveinung Hovstad

TRENARJAKT: Administrerande direktør i Start Sveinung Hovstad i samtalar med midlertidig trenar Frode Fredriksen før gårsdagens cupkamp mot Strømsgodset på Sør Arena. Klubben vil no bruke god tid på å finne Knut Tørum sin erstattar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Frode Fredriksen

TRENAR: Frode Fredriksen leiar Start i kampane framover.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Knut Tørum

TREKTE SEG: Knut Tørum sa opp jobben som Start-trenar berre timar før gårsdagens cupkamp.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix
– Det vi gjer no er at Fredriksen og Erik Ruthford Pedersen tek det ansvaret. Dei er ein del av ryggrada i Start, og blir dei som løyser oppgåva i eit veldig tett kampprogram fram mot sommaren, seier administrerande direktør i Start, Sveinung Hovstad til NRK.no.

Berre timar før gårsdagens cupkamp mot Strømsgodset kom meldinga om at Knut Tørum hadde sagt opp jobben som trenar. Dermed fekk Frode Fredriksen telefon frå klubbleiinga om at han måtte leie laget mot Godset.

– Det var ein spesiell dag med ein god kollega og ven, som valde å resignere. Eg fekk beskjed om å leie laget og rette alt fokus inn mot kampen. Halvannan time før kamp hadde vi eit godt spelarmøte. Så var vi i gang, seier Fredriksen.

– Vil få tid og ro

Den midlertidige trenaren fekk ein god start. Sørlendingane vann 1-0 og er vidare til kvartfinalen i cupen.

Administrerande direktør Sveinung Hovstad vil bruke tid på å finne Knut Tørum sin etterfølgjar.

– Klubben vil no få tid og ro på seg til å leggje planane på mellomlang og lang sikt, seier Hovstad.

– Betyr det at ein vil bruke god tid på å finne ein ny trenar?

– Det er iallefall ingen grunn til å stresse dette, seier han.

Midlertidig trenar Frode Fredriksen støttar klubben i å roe ned og bruke tid på å finne den neste trenaren.

Start-jubel

START-JUBEL: Start kunne sleppe jubelen laus etter å ha slått Strømsgodset 1-0 i sin første kamp utan Knut Tørum. Laget er dermed klar for kvartfinalen i cupen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Midlertidig løysing

– Eg tykkjer det er fornuftig at dei kartleggjer situasjonen og ser utviklinga an. Så tek dei vel eit velfundert val når tida er inne for det, seier Fredriksen.

– Er du eit alternativ som permanent hovudtrenar?

– Det får eg eventuelt gi eit svar på dersom dei ser på meg som eit slik alternativ, seier han.

Fredriksen har heller ikkje fått nokon signal på kor lenge han kan måtte leie lage, som ei midlertidig løysing saman med Erik Ruthford Pedersen.

– Det har eg ikkje. Inntil vidare har eg fått beskjed om å leie laget og at eg må vere budd på å leie laget framover, seier han.