Hopp til innhold

Her velsignar presten ølet

Sjefbryggar i øl-bryggeriet Nøgne Ø i Grimstad ville ha heile bryggeriet velsigna. Onsdag var presten på plass.

Video Prest Velsigner bryggeri

Sjefbryggar og medeigar i bedrifta, Kjetil Jikiun, tilhøyrer den ortodokse kyrkja. Det var han som ba om å få velsigna Grimstad-bedrifta sine lokale.

LES OGSÅ: Kåra til beste bryggeri

– Dette er ein ting eg har tenkt på i mange år, og for meg er dette heilt naturleg. Religion og tru er noko som er ein del av identiteten og liva våre. Det burde vere ein del av kvardagen vår. Det er ingen grunn til at dette ikkje skal vere ein del av kvardagen, seier Jikiun til NRK.no.

Budd på reaksjonar

Men han er budd på å få reaksjonar på velsigninga av bryggeriet.

– For mange kan nok dette verke rart, men ein må hugse på kvar ein står og kva forankring ein har. For mange nordmenn som er forankra i den kristne trua kan dette vere naturleg. Kanskje litt frammandt kulturelt fordi vi ikkje gjer noko særleg av dette i vår kultur, seier han.

LES OGSÅ: Japansk sake fra Grimstad

Han hadde henta inn far Christofforos Schuff til å gjennomføre handlingane.

– Eg tykkjer det er veldig viktig fordi vi velsignar alt i den ortodokse kyrkja. Å velsigne ting er ein naturleg del av den ortodokse trua, seier far Christofforos Schuff til NRK.no.

Velsigna ølet, Nøgne Ø

SMAKSPRØVE? Nei, far Christofforos Schuff og sjefbryggar Kjetil Jikiun smakar ikkje på brygget, men på vievatnet.

Foto: Skår, Kari Løberg / Kari Løberg Skår/NRK

Første gang

– Vi reknar med at det er bra å velsigne det som føregår i livet. Vi velsignar når vi plantar, vi velsignar når vi haustar og vi velsignar når vi lagar vin og øl. Det er ein naturleg del av livet, seier han.

Det var første gang Schuff gjennomførte denne typen oppdrag.

– Dette er første gang egvelsignar eit bryggeri. Dette er heilt unikt, seier han.

LES OGSÅ: Amerikanerne elsker Grimstad-øl

Og han er budd på reaksjonar.

– Eg forstår at avhaldsfolk vil reagere. Men utifrå vår ståstad er faktisk både vin og mat ikkje noko gale i seg sjølv. Ein skal sjølvsagt vise måtehald, men her velsignar vi det og ber om at Gud velsignar det. For oss er dette heilt naturleg, seier Schuff.

Ba for bygg og brygg

Under seriemonien på bryggeriet ba dei for både bygg og brygg. Før seansen fekk dei tilsette som ikkje ville vere med tilbod gå ut.

– Det er ikkje alle som deler vår tru, og det må vere lov til å ikkje ta del i dette om ein ikkje vil. Det er lov å gå ut av rommet viss ein ynskjer det. Det er snakk om å respektere alle menneske, seier Jikiun.

Bryggar Rolf Tore Vik, ved bryggeriet, ynskte far Christofforos Schuff hjarteleg velkommen.

– Det er jo spesielt. Eg har ikkje vore med på liknande før. Eg har ikkje tilknyting til noko religion i det heile, så det er litt spesielt. Men eg har ingenting imot dette i det heile, seier han.

Velsigning av Nøgne Ø

KONSENTRERT: Far Christofforos Schuff er djupt konsentrert under seremonien.

Foto: Skår, Kari Løberg / Kari Løberg Skår/NRK

– Heilt naturleg

Far Christofforos Schuff var ikkje i tvil om kva han skulle svare når han fekk førespurnaden om å velsigne Nøgne Ø.

– Eg er veldig glad eg vart bede om å gjere dette. Det er ein heilt naturleg del. Eg tenkjer meg ikkje om når eg vert spurt om å velsigne eit hus, ein arbeidsplass eller eit køyrety, seier han.

– Vil dette hjelpe bryggeriet vidare på nokon måte?

– Det får vi håpe. Eg veit ikkje om ein kan rekne med økonomisk vekst eller betre brygg i år, vi får sjå, smiler Schuff.

Artikkelen blir oppdatert med TV-bilete. Følg med!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %