Hopp til innhold

Håpar på 3000 tilskodarar på Hunsfest

Festivalsjef Jørgen Skauge er spent på om området i Hunsøya Næringspark i Vennesla eignar seg til festival. Svaret får han i ettermiddag og kveld.

Jørgen Skauge

Jørgen Skauge ser fram til at festivalen kjem i gang.

Foto: Janne Aateigen/NRK

– Vi er veldig spent på korleis området fungerer på festival, seier Skauge til NRK.

Klokka 17 opnar han festivalområdet. Det er første gang nokonsinne at det vert arrangert ein festival i Hunsøya Næringspark.

«Wow, dette var eit kult område»

– Vi likar området godt. Den umiddelbare responsen frå Kurt Nilsen og hans team var «wow, dette var eit kult område». Eg håpar alle får den kjensla når dei kjem inn, seier han.

Skauge vedgår at det er ein økonomisk risiko knytt til å arrangere festivalen.

– Men det er det alltid. Vi har drive godt over mange år og gjer opp for oss. Vi har ikkje hatt tid til å sjekke billettsalet i dag, men eg trur vi nærmar oss kring 3000, seier han.

– Leverer hitparade

Det er Bjørn Eidsvåg, Erlend Ropstad, Åge Aleksandersen & Sambandet og Kurt Nilsen som står på scena.

– Ingen av dei er aktuelle med plate så alle fire kjem med «best off». Det er uansett mykje erfaring og dei har mange fans. Dei kjem til å levere ein hitparade, seier han.

Scena på festivalområdet er 24 meter brei. Ifølgje Skauge har Vennesla aldri tidlegare hatt ei så stor scene.

Bjørn Eidsvåg startar festivalen klokka 18.

Grafittibar på Hunsfest

Ein bar på festivalområdet vert dekorert med grafitti.

Foto: Janne Aateigen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %