NRK Meny
Normal

Hans er truleg Norges eldste russ

66 år gamle Hans Hendriksen ser kanskje ikkje heilt ut som andre russ. Men i russetida er lektoren, som snart går av med pensjon, fullt oppkledd i russeutstyr.

Nå skal du få møte det som kanskje er Norges eldste rødruss? Avgangselevene ved Dahlske videregående skole i Grimstad ville hedre læreren sin som snart skal gå av med pensjon. De kjøpte likegodt fullt russeutstyr til 66-åringen.

VIDEO: Sjå video med Hans og elevane hans.

– Eg har aldri vore russ sjølv. Eg høyrer til den litt radikale 68-generasjonen. Vi var ikkje med på den slags, seier Hendriksen til NRK.

Sørlendingen går av snart av med pensjon. Avgangselevane ved Dahlske videregående skole i Grimstad ville heidre læraren og kjøpte like godt inn fullt russeutstyr til 66-åringen.

– Tøft gjort

– Eg hadde eigentleg ikkje trudd at han skulle gå med på det. Det er utruleg tøft gjort. Eg trur ikkje det er mange lærarar på skulen som hadde gjort det, seier Torestein Flaat.

66-åringen tok utfordringa på strak arm frå elevane, og var faktisk først ute blant alle ved skulen med å ta på seg russeutstyret.

– Eg fekk høyre at du var observert utanfor Amfi Arena-senteret i Arendal med russebuksa på, seier Martin Bjerkeng Nielsen.

– Det vart litt problem det. For det var før russetida byrja, så eg var den einaste med russeklede, ler Hendriksen. Når det kjem til russeknutar vedgår Henriksen at han kanskje ikkje kjem til å vere like offensiv som elevane ved skulen.

Russekortet til Hans Henriksen

Hans Hendriksen har sjølvsagt russekort. Mottoet hans er «Husk tran!».

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

– Det blir trist

– Eg åt opp alle sjokoladane til rektor. Det var det mest vondskapsfulle eg kunne finne på, seier Hendriksen og viser fram ein twist-sjokolade han har festa i russelua si.

Han skal gå med russedressen heilt fram til 17. mai. 66-åringen vedgår at det er med blanda kjensler han vil forlate skulen for siste gang til sommaren, når han går av med pensjon.

– Det blir ganske trist å gå ut dørene her og seie adjø til elevane for siste gang. Men alt har si tid. No skal eg gjere noko anna, seier han.

Russebuksa til Hans Hendriksen (66)

66-åringen har fått fleire helsingar på russebuksa si.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK