Hopp til innhold

Fleire jenter i teknologibransjen: – Det er inspirerande

Talet på jentelærlingar innanfor teknologifag har auka veldig. Astrid (18) blei lærling i bedrifta ho besøkte på ungdomsskulen.

Astrid hos Nymo

Astrid Annie Værholm hadde sitt første møte med Nymo på bedriftsbesøk med skolen for fire år sidan.

Foto: Lilli Storrønningen / NRK

– Eg tenker at det betyr mykje for jenter å sjå kva vi driv med her. Det er viktig for å få fleire jenter i industrien, seier Astrid Værholm.

18-åringen er nytilsett lærling hos offshoreselskapet Nymo i Grimstad.

I løpet av fem år har kvinneandelen hos bedrifta auka frå fem til 14 prosent.

Talet på jentelærlingar på Teknologi- og industrifag på vidaregåande skole i landet har også auka med nesten 70 prosent sidan 2021.

Det viser tal frå Utdanningsdepartementet.

Værholm går saman med ein jentegjeng frå Holviga ungdomsskule på bedriftsbesøket Jenter og Teknologi. Denne gongen i ei ny rolle.

Målet er å inspirer jenter og vise fram kva slags moglegheiter dei har innan teknologibransjen.

Teknodag hos Nymo

Astrid Annie Værholm og resten av kvinnene hos Nymo viser jentene frå Holviga ungdomsskule rundt.

Foto: Lilli Storrønningen / NRK

For fire år sidan var ho ein del av ungdomsskulegjengen frå Holviga på besøk.

– Det er nostalgisk. Nå går eg saman med læraren eg gjekk med første gong eg var her, seier Astrid Værholm.

Les også Mannsdominert bransje - men her er 40 prosent kvinner

Kvinner i teknologiindustri

Tiltak for å auke kvinneandelen

Det er fjerde året Nymo har bedriftsbesøk av jenter.

HR-praktikant Thea Elisabeth Andresen meiner at besøksdagar hos bedrifta er ein av fleire grunnar til at kvinneandelen har auka.

– Vi får vist kva vi gjer og kva moglegheiter jenter har. Samtidig har vi også mange rollemodellar, som viser at det er mogleg.

Andresen fortel at dei har jobba aktivt for å sørge for ein attraktiv arbeidsplass for kvinner.

– Vi har eit internt fokus på å fremje samhaldet blant oss kvinner, og arrangerer lunsj og sommarfestar for berre damene, seier ho.

  • Teknodag hos Nymo

    Jentene får utdelt hjelm og vest før omvisningen på Nymo.

  • Teknodag hos Nymo

    Elevene fra Holviga ungdomsskole føler med på omvisingen.

  • Teknodag hos Nymo

    Til tross for at ikke alle vil inn i teknologibransjen setter flere av elevene pris på dagen.

Inspirerte elevar

Lærling Astrid Annie Værholm blei sjølv inspirert da ho var på besøk for første gong.

– Eg blei nysgjerrig på kva dei driv med, også fekk eg ei god forklaring. Det var også veldig gøy å vere her med klassen og bygge tårn som dei også skal i dag, seier ho.

Astrid hos Nymo

Astrid Annie Værholm blei sjølv inspirert da ho var på besøk på Nymo.

Foto: Lilli Storrønningen / NRK

Elevane ved Holviga ungdomsskule Helene Tobiassen Kjøsterud og Johanne Sundbø Tangen fortel at lærling Astrid Annie har gjort inntrykk.

– Ho har jo veldig kontroll og verkar veldig flink. I tillegg gjekk ho på den skolen vi går på nå, så det er inspirerande, seier Tangen.

sjølv om Kjøsterud ikkje er sikre på framtidas jobb synest ho dagen har vore fin.

– Det er mange spennande maskiner. Eg veit ikkje heilt om det er noko for meg, men eg kunne gitt det ein sjanse.

Les også – Dei trur det er ein guteting

Sunniva og Norunn

Mangfald i industrien

Anne Klepstad Simonsen er seniorrådgivar i NHO Agder. Ho fortel at eit mangfald i ein industri som tradisjonelt er mannsdominert er viktig.

– Der er Nymo eit godt eksempel. Å ha bedriftsbesøk er berre eitt av fleire tiltak. Det er ekstra gøy å møte ei jente som var her for fire år sidan og i dag er lærling. Det tenker eg er inspirerande, seier ho.

Anne Klepsland Simonsen

Seniorrådgivar i NHO Agder Anne Klepstad Simonsen seier det er viktig med mangfald i industrien.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

en person i hjelm som snakker med en person på sykkel

Uno-X nær seier i nervedramaet: – Ekstremt lettet

IK Start

Drar seg til i kampen om opprykk – frykter Start taper i helgen

en person som står på et kjøkken

Den norske kirke sier unnskyld: – På tide, og på sin plass

Jimmy Robinson

Tapte søksmål mot staten: – Det føles nytteløst

Gravid kvinne står oppreist og holder på magen

Rebekka var redd da hun ble gravid med sitt tredje barn

Spilles av
Fant en løsning da strømmen gikk
Neste