Hopp til innhold

Fann forsvunne DNA-prøver i frysar

Rettsmedisinsk Institutt (RMI) klarte å rote vekk viktige DNA-spor i samband med Baneheia-saka. No har instituttet funne dei 199 reagensrøra med DNA-ekstrakt i ein fryseboks.

Viggo Kristiansen

NYTT HÅP: Viggo Kristiansen (bilete) prøvar å få saka gjenoppteken. No er viktige DNA-bevis funne hos Rettsmedisinsk Institutt. (Arkivfoto)

Foto: Photoline / SCANPIX

Sigurd Klomsæt

OPTIMIST: Advokat Sigurd Klomsæt er glad for at DNA-prøvene er komme til rette igjen.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

– Vi har jo hatt dei oppbevart i fryseboks. Vi måtte leite fram registreringsnummer og så fann vi dei då vi såg etter dei, seier RMI-direktør Olav Gunnar Ballo til Dagbladet.

Den no sjukmelde seksjonsleiaren, Bente Mevåg, hevda først at det ikkje eksisterte Baneheia-materiale på RMI. Deretter fortalde den konstituerte seksjonsleiaren, Margrethe Stenersen, at intituttet aldri kasta nokon DNA-ekstrakt. Dermed vart det sett i gang «leiteaksjon» i fryseboksane til RMI.

199 prøver

Leitinga gav resultat og prøvene vart funne. For ti månader sidan gav RMI beskjed til Gjenopptakelseskommisjonen at sporprøvene ikkje fantest. No er altså dei 199 prøvene komme til rette.

– Eg kan ikkje kommentere noko av det eg ikkje har vore ein del av eller ikkje kjenner innhaldet i. Det einaste eg kan seie er at henvendelsen vi fekk 19. april frå Gjenopptakelseskommisjonen, har vi lagt vekt på å svare så raskt som praktisk mogleg, seier Ballo, som tok til i jobben som direktør 1. oktober i fjor.

Ifølgje avisa er eitt av ekstrakta frå den omstridde DNA-prøva som politiet beskreiv som eit 100 prosent sikkert bevis på av Viggo Kristiansen er skuldig. Seinare har det vist seg at det var eit einsleg fragment, som dei fleste nordmenn er utstyrt med.

Vil ha saka oppatt

Kristiansen prøvar å få saka si opp på nytt, og vart informert i går ettermiddag.

– Viggo Kristiansen har fått nytt håp om at dei sentrale DNA-prøvene vil underbyggje påstandane hans om at han ikkje var på åstaden då småjentene vart drepne, seier advokat Sigurd J. Klomsæt til Dagbladet.

– Kristiansen har ikkje gått ein milimeter frå forklaringa si om at etterforskarane aldri ville finne spor av han, rett og slett fordi han ikkje var tilstades. Han er sjølvsagt glad for at det likevel fins intakt spormateriale som kan underbyggje forklaringa hans, seier Klomsæt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %