Hopp til innhold

Får plass i Kunstsilo: «Ein av våre største»

I dag opnar Kunstsilo dørene for ei finale-utstilling av Else Hagens verk. Kunstnaren frå Eydehavn blir peikt på som ein av Noregs største kunstnarar.

Venninner, Else Hagen

VENNINNER: Hagen skildra mange sterke og sjølvstendige kvinner i kunsten sin.

Foto: Kunstsilo / Else Hagen / BONO

– Ho var ei veldig moderne, aktiv kvinne og ein veldig spennande kunstnar som vi nå får vist fram på ein god måte her.

Det seier kurator og mellombels programansvarleg ved Kunstsilo, Karl Olav Segrov Mortensen.

Kurator ved kunstsilo Karl Olav Segrov Mortensen.

Mortensen har jobba lenge med denne utstillinga, og fortel at i løpet av den tida har han begynt å sjå fargane over alt. Han tykkjer det er gøy korleis estetikken pregar blikket om du bruker tid på det.

Foto: Lina Angelique Nodland Bulien / NRK

Han har stått ansvarleg for organiseringa av utstillinga, som nå etter Oslo, Trondheim og Stavanger, gjer sitt siste stopp på Kunstsilo.

Kvinnekamp

Else Hagen (1914–2010) blei fødd på Eydehavn, like utanfor Arendal.

Ho målte gjennom fleire tiår, men hadde ein tydeleg karriere på 40,- 50-talet, fortel Mortensen.

– Ho hadde ei stor soloutstilling allereie i 1940 på Trondheim kunstforeining.

Mortensen meiner Hagens kunst framleis er relevant:

– Det er denne historiske ramma i tida før og etter andre verdskrigen som vi kanskje kjenner litt på framleis, ved at vi lever i litt urolege tider.

I tillegg hadde Hagen stor interesse for kvinnekampen, som kjem tydeleg frami bilda.

– Det er eit kunstnarskap som seier noko om kjønnsroller og familielivet som vi framleis driv med.

– Ein gløymd kunstnar

Kunstmeldar for NRK, Mona Pahle Bjerke, meiner Else Hagen fortener ein mykje breiare plass i norsk kunsthistorie enn det ho har fått.

I meldinga si frå opninga i Trondheim Kunstmusem skriv Bjerkeat det er det som gjer utstillinga viktig.

«Den bidrar til å løfte ein langt på veg gløymd kunstnar: ein kunstnar som på sitt beste, faktisk fortener å bli betrakta som ein av våre største.»

kunstner Else Hagen i 1976 ifm NRK-intervju

Else Hagen frå eit intervju med NRK i 1976.

Foto: NRK

Det bekreftar kuratoren.

– Ho har vore ein kunstnar som kanskje har falle litt under radaren i seinare tid, seier Mortensen.

Les også «Fortjener å betraktes som en av våre største»

Kunstverk av Else Hagen i utstillingen «Else Hagen – Mellom mennesker» ved Trondheim Kunstmuseum

Feminist

Hagen var ein av dei første kvinnelege kunstnarane i Noreg som meistra å vere husmor i tillegg til å bygge ein kunstnarkarriere.

Samtidig var ho ein tydeleg stemme for kvinners liv i lys av samfunnsendringar.

– Ho hadde gode og sterke meiningar om rolla til kvinna, og korleis kvinner måtte ta ei rolle i samfunnet òg, seier Mortensen.

Ho skildra sterke, frie og sjølvstendige jenter og kvinner i måleria sine.

Displaced person, Else Hagen

DISPLACED PERSON: Hagen sitt måleri har feministiske preg som reflekterer kven ho var som person.

Foto: Kunstsilo / Else Hagen / BONO

Kuratoren trekker fram måleriet «Familien» i samanheng med Hagens feministiske og rå uttrykk.

– Det er ein av dei kanskje råaste skildringane av kor kaotisk eit småbarnsliv kan vere.

Bildet er ikkje glamorisert på noko som helst vis.

– Det sit ei kvinne på ein stol med puppen hengande ute, og ungen ligg skrikande på fanget og hyler, seier Mortensen.

Familie, Else Hagen

FAMILIEN: Måleriet Mortensen trekk fram viser eit ekte og rått bilete av korleis familielivet kan kjennest for ei mor.

Foto: Lina Angelique Nodland Bulien / NRK

Han fortel at ho har fleire slike motiv som er ganske heftige.

Men dei var også interesserande.

– Det var interessant for fleire korleis ho torde å vise det fram.

Samarbeid

Utstillinga med tittel Else Hagen. Mellom menneske skal gi eit innblikk i Hagens kunstnariske utvikling.

Den er kuratert av Nasjonalmuseet i samarbeid med Stavanger kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum og Kunstsilo.

Kunstsilo og Kristiansand

Utstillinga har tidlegare vore vist i Oslo, Stavanger og Trondheim. Kunstsilo er den siste arenaen i turneen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Mortensen fortel at i utstillinga får publikum høve til å sjå fleire måleri frå fleire samlingar.

– I Kunstsilo vil publikum kunne gå gjennom fleire rom med litt ulike stemningar som løftar ulike tema i Hagens kunstnarskap.

Les også Titusener har besøkt Kunstsilo: – En kanonstart

Blant høgdepunkta er intime portrett og sterke forteljingar om kvinners liv i lys av samfunnsendringar.

Skal vise kunstnarar frå distriktet

Mortensen gler seg veldig til opninga. Han seier det blir gøy å sjå folk i utstillinga, og korleis dei tilnærmar seg det som er der.

– Det er alltid veldig fint.

Kurator ved kunstsilo Karl Olav Segrov Mortensen.

Kuratoren ser fram til opninga av utstillinga. Han fortel at Else Hagens barnebarn skal spele eit eigenkomponert stykke på saksofon.

Foto: Lina Angelique Nodland Bulien / NRK

I tida framover skal fleire kunstnarar frå distriktet anerkjennast.

Kunstsiloen skal ha ei utstilling der dei vil jobbe med deira eige gamle Kristiansands Bildegalleri, og Sørlandssamlingen, seier Mortensen.

– Da skal vi vise korleis ulike kunstnarar har jobba med regionen vår og landskapet her.

Spilles av
Koanda tar GULL i Førde
Neste
Mowi og Vartdal Plast har utviklet en ny type fiskekasse for transport av laks fra fabrikker i Norge.

Over 164.000 fisk døde etter algeangrep