– Dette er ein god dag for oss Agder-kommunar, seier ordførar i Lillesand, Einar Holmer-Hoven (H) til NRK.
Å Energi, som er eigd av Statkraft og 47 kommunar i Agder og Buskerud, vil betale ut eit ekstraordinært utbytte på éin milliard kroner.
Stakraft eig ein tredel av selskapet, og får med det ein tredel av utbyttet. Eigarkommunane får den resterande summen.
Det er klart etter at styreleiar Maria Moræus Hanssen måndag føremiddag har fortalt kommuneeigarane at styret har komme til at dette er forsvarleg.
Forslaget skal formelt opp i ei ekstraordinær generalforsamling.
Ordførarane i eigarkommunane er samla i Larvik.
Krevjande kommuneøkonomi
Fleire norske kommunar har store problem med økonomien, og må stramme inn på tenestetilbodet.
I førre veke vart det klart at staten går inn med 5 milliardar kroner ekstra til norske kommunar og fylkeskommunar.
Pengane blir delte ut flatt etter innbyggartal.
Men, det dekker berre ein tredel av det kommunane treng for å dekke inn underskota sine, meiner KS.
No får altså dei 47 eigarkommunane i Å Energi naudsynte pengar.
46 millionar til Arendal
Arendal kommune får 46 millionar kroner i utbytte.
– Det betyr at vi får veldig god draghjelp inn mot budsjettprosessen vår, seier ordførar Robert Cornels Nordli (Ap).
Ordførar i Arendal, Robert Cornels Nordli (Ap).
Foto: Svein Sundsdal / NRKLikevel er kommunen i ein krevjande situasjon.
– Vi må uansett gjere store grep i kommunen vår. Uavhengig av desse utbytta, så må vi snu kvar einaste stein, seier Nordli.
Lindesnes kommune får litt over 40 millionar kroner i utbytte.
– Det hjelper godt på ei ordentleg slunken kommunekasse, seier ordførar Alf Erik Andersen (Frp).
Det gir kommunen moglegheit til å sette av noko pengar på fond. Men, kommunen må belage seg omstilling i framtida.
Birkenes kommune får rundt 9 millionar kroner ekstra.
– Det er veldig bra. Det hjelper oss til å dekke opp underskot, som vi har i 2024, seier ordførar Arild Windsland (H).
17 millionar til Lillesand
For Lillesand kommune betyr utbyttet nesten 17 millionar kroner ekstra inn i budsjettet i 2024.
Ordførar i Lillesand, Einar Holmer-Hoven (H) var til stades på møtet måndag.
Foto: Svein Sundsdal / NRKKommunen har brukt 120 millionar meir enn planlagt i år, og det såg ut til at kommunen kunne hamne på Robek-lista over kommunar som blir underlagde statleg kontroll.
– Til saman trur eg at dette gjer at vi slepp, kanskje både i januar og åra framover, å hamne på Robek-lista, men då må vi også vere litt flinke sjølv, seier Holmer-Hoven.
Han seier Arbeidsutvalet i forkant var tydelege på at dei ønskte at styret skulle vurdere å betale ut utbytte.
Holmer-Hoven understrekar at dette er eit ekstraordinært utbytte.
– Vi skal ikkje gjere for vane å ta ut eit ekstra utbytte. No vart det slik denne gongen, og eg trur nok det blir mange år til det kan bli snakk om det igjen.
Han meiner utbyttet viser at Å Energi blir godt drive.
– Fusjonen med Glitre Energi har verkeleg verka for oss som eigarar, seier Robert Cornels Nordli.