NRK Meny
Normal

– Har aldri sett Start dårlegare

(START - STABÆK 2-4): Start-trenar Knut Tørum var langt nede etter tapet mot Stabæk heime på Sør Arena. Då dommaren bles av kampen måtte dei gule og svarte finne seg i å høyre pipekonsert frå eige publikum.

– Eg har definitivt ikkje sett Start så dårlege tidlegare, seier Tørum til NRK.no.

– Eg håpar dette er ein vekkjar for enkelte. Her må det knallhard jobbing til for å komme tilbake igjen og vere der vi trur vi skal vere og der vi håpar å vere, seier Start-trenaren.

Tafatt Start-lag

Veigar Pall Gunnarsson

MÅL: Veigar Pall Gunnarsson scorar for gjestene frå Bærum.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Heimelaget kom godt i gang heime i Kristiansand. Tidlegare Stabæk-spelar Espen Hoff sende gultrøyene i leiinga etter 32 minutt. 1-0 var også pauseresultatet.

Men i andre omgang var det totalt stopp for heimelaget. Stabæk utlikna eitt minutt ut i andre omgang ved Pálmi Rafn Pálmason. Tre minutt seinare tok bortelaget leiinga. Trass i at dei utlikna, klarte ikkje Start å svare då Stabæk gjekk opp til 3-2 like etter.

– Eg har nesten aldri i fotballivet mitt vore med på eit så tafatt forsøk på å ta poeng, seier ein ærleg Tørum, som har opplevd å tape 1-8 mot både Molde og Vålerenga i si Start-karriere.

– I dag er vi eige gras og kampen skal vere vår. Måten andreomgangen vert gjennomført på, måten dei får score måla sine på, og ikkje minst fråveret av vilje til å komme tilbake å vinne, har eg aldri vore med på, seier han.

– Det er utruleg smerteleg å stå her å prate om det etterpå, seier Tørum.

Knut Tørum

SKUFFA: Knut Tørum var langt nede etter tapet for Stabæk.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Nærmar seg botnen

Med tap for Stabæk står Start utan siger på fem kampar. Laget ligg berre to poeng over nedrykksstreken.

– Det seier seg sjølv at når du ikkje tek poeng vil du ramle på tabellen. Det viktigaste er at dersom vi held fram slik, kjem vi ikkje til å ha eitt poeng meir når eliteserien er ferdig, seier han.

– Det er første gang eg har hatt det slik som Start-trenar. Det var ikkje noko i denne kampen vi kan stå for. Det er utruleg vondt, seier Tørum.

Også Espen Hoff var langt nede etter eit nytt nederlag.

– Det verkar som om vi er strålande nøgde med førsteomgangen, og trur at dette skal gå av seg sjølv, seier han til NRK.no.

– Fantastisk lagmoral

– Vi er ikkje på nett i det heile, og Stabæk trillar over oss i periodar. Slik er det når vi ikkje leverer på det nivået vi må for å vinne fotballkampar, seier Hoff etter tapet mot gamleklubben.

Stabæk tok med det sin sjette siger for sesongen og reiste seg etter tapet for Hønefoss i cupen. Laget ligg no på tredjeplass på tabellen med 18 poeng på ni kampar.

– Vi har ein herleg lagmoral i gjengen. Vi trivast godt ilag, og har tru på at vi kan spele bra fotball. Vi vert ikkje særleg påverka når vi får mål imot. Det gjeld å køyre på til «the bitter end». Etter kampen kan ein summere om ein lukkast eller ikkje, seier Stabæk-trenar Jørgen Lennartsson.

Veigar Pall Gunnarsson

DUELL: Veigar Pall Gunnarsson slår Jesper Mathisen i ein duell og scorar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Start er eit godt lag

Islendingen Veigar Pall Gunnarsson var naturleg nok ein glad mann på Sør Arena.

– Vi er nesten to ulike lag i første og andre omgang. Det same skjedde mot Odd Grenland i førre serierunde. Vi må jobbe med dette. Klarar vi å spele heile kampen slik vi gjer i andre omgang, trur eg ikkje det er mange som kan slå oss, seier han.

Stabæk-angriparen trur Start vil komme sterkt tilbake.

– Det var ein vanskeleg kamp. Når vi gjekk opp i leiinga fekk vi ein utruleg sjølvtillit og ekstra sprut i beina. Vi var ekstremt gode i dag. Men Start er eit bra lag, og eg trur ikkje det er mange lag som kjem hit og tek med seg tre poeng, seier Gunnarsson.