Hopp til innhold

Her er NRK sitt flytande sommarstudio

I sommar skal Sommeråpent reisa opp og ned langs heile norskekysten. Skipet lasta med NRK-kjendisar tok ein prøvetur i går.

Sommeråpent-programleiarane samla i Bergen

SAMLA I BERGEN: Alle dei sju programleiarane for Sommeråpent var tysdag samla på MS Sjøkurs i Bergen.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

Sommeråpent skal i år besøka heile 38 stadar i Noreg i løpet av sommaren. Skipet vil gå langs norskekysten i to omgangar; frå Oslo til Kirkenes og tilbake til Oslo.

For å få til dette skal MS «Sjøkurs» gjerast om til eit flytande tv-studio. Tysdag var skip og programleiarar samla i Bergen.

Visa det sommar-Noreg har å by på

– Innhaldet blir det som det sommarlege Noreg har å by på. Kvar stad me er på har sine ting å visa fram, dei har personar me vil snakka med, og så er det kanskje nokre me inviterer til å komma til ei hamn, fortel prosjektleiar Kristin Ytre-Arne.

Skipet som blir brukt er eit gammal Hurtigrute-skip, men Sommeråpent vil ikkje bli «Hurtigruten minutt for minutt 2».

– Dette blir noko annleis fordi no skal me stoppa meir. Folk vil kanskje kjenna igjen noko frå Hurtigruta sist gong, og me skal senda etappane våre når me forflyttar oss på sjøen. Det kan ein sjå både på dagen og om natta, seier Ytre-Eide.

LES OGSÅ: MS «Sjøkurs» i ny NRK-satsing

Programmet Sommeråpent har denne sommeren reist til sjøs. Med flytende studio, skal programmet besøke plasser langs hele norskekysten.

VIDEO: Bli med Sommeråpent-programleiarane om bord på Sjøkurs for første gong.

– Veit aldri kva som dukkar opp

Det er sju programleiar som skal veksla på å leia Sommeråpent For Tore Strømøy blir dette eit nytt programformat.

– Det blir ikkje «Tore på sporet», men du veit aldri kva som dukkar opp. Eg gler meg, smiler Strømøy.

– Eg håpar det blir litt annleis enn det Sommeråpent ein har sett frå Oslo før. Eg håpar me kan få inn folk frå stadane me kjem, og at det blir meir underhalding enn nyheiter, legg han til.

Strømøy sin tur som programleiar er når MS «Sjøkurs» er på veg sørover igjen og passerer Vestlandet.

– Eg skal vera med nedover på Vestlandet til Bergen, og der er det sol kvar gong eg kjem. Det kan då nærast bli ferie, men litt jobbing på kvelden, smiler han.

Redd for å bli sjøsjuk

Tore Strømøy er litt bekymra for at han kan bli sjøsjuk.

– Viss det blir bølgjer blir eg sjøsjuk. Eg er fødd og oppvaksen ved havet, men eg er ikkje ein havets mann, seier han.

For programleiar Dan Børge Akerø blir Sommeråpent-turen også ei ny oppleving.

– Eg har aldri vore med på noko slikt før. Eg synest dette er ein strålande ide frå NRK si side, at dei tar det heilt ut. Meininga er å treffa menneske på ulike stadar som har ei historie bak seg. I tillegg er det song og musikk frå lokale krefter som kjem om bord på båten rundt omkring, forklarer Akerø.