Hopp til innhold

Tyyl! klare for by:larm

Rockegruppa Tyyl! frå Sogn er klare for neste års Bylarm.

Tyyl!

Tyyl! er klar for Bylarm 2009.

Foto: Rosa Marie Berg

- Det er berre heilt kjempemessig. Vi ynskjer å satse og slike sjansar opnar veldig mange portar. Bylarm er eit gigantisk bransjetreff med folk som ynskjer å bruke mykje pengar for å tene endå meir, seier gitarist og vokalist i Tyyl!, Håvard Øyrehagen.

Håpar på kontrakt

Micropops og Håkon Njøten frå Gulen

The Micropops

Foto: Pressefoto.

Bylarm vert avvikla i Oslo 19.-21 februar neste år. Mellom gruppene som får vise seg fram er Eva & the Heartmaker , Tyyl! og The Micropops . Alle med tilknyting til Sogn og Fjordane.

- Bylarm gjev oss sjansen til å få eit namn. Både med tanke på booking, konsertar og finansiering av studio, vonar Øyrehagen.

- Breibeint rock

Gruppa har halde på i halvanna år. Namnet er eit meir kraftfullt uttrykk av skjellsordet tyl.

- Vi spelar litt breibeint rock. Litt sein 60- til 70-tals rock inspirert av til dømes Led Zeppelin. I tillegg har vi ein del grunge, inspirert av Soundgarden, seier Øyrehagen.

Spelt 3.000 gonger

I Tyyl! har Øyrehagen med seg Torkjel Solbraa (gitar og vokal), Vegard Styvi Loftesnes (bass) og Jon Landsem (trommer). Med unntak av Landsem er alle frå Sogn, men bur på Austlandet. I april finansierte dei sjølve innspelinga av tre låtar.

Sidan er songane "Fyrst som andremann", "Troe meg ned i driten" og "Djevelen" blitt spelt over 3.000 gonger på Myspace .

Solid fanskare i Sogn

Når Bylarm er ferdig neste år, vonar dei å få oppleve det som både Big Bang, Briskeby, Sondre Lerche og Elviar Nikolaisen har fått oppleve. Nemlig å bli oppdaga.

- Håpet er der sjølvsagt. Dette er ein kjempesjanse som vi er frå oss av lykke for å ha fått. No er det mykje jobbing for å kome fram, men vi er byrja å få ein solid fanskare i Sogn, seier Øyrehagen og fortel at musikken breier om seg gjennom jungeltelegrafen.

Åtte konsertar

Etter innspelinga i vår har Tyyl! gjort åtte konsertar. Fredag spelte dei på Funhouse i Oslo, medan dei laurdag underheldt på UKA i Ås. I november står OsloFres på Garage for tur. Elles bugnar ikkje akkurat avtaleboka over av konsertar.

- Den gjer ikkje det framover no, men det er så mykje anna som skjer i haust at vi bestemte oss for å roe ned, fortel Øyrehagen.