Hopp til innhold

Nerver før UKM startar i kveld

Lydprøvene er i gang, og det er like før Hanna og 300 andre ungdomar frå heile fylket møtest til ungdomens kulturmønstring.

Hanna Kvamme frå UKM 2012

Hanna Kvamme frå Vågsøy er med i UKM for fjerde gong. Ho gler seg til å stå på scena i kveld.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ei spent og smånervøs stemning pregar Operahuset på Nordfjordeid timar før det heile er i gang. Dei første nervøse tårene har trilla, medan andre stort sett berre gler seg.
- Eg har vore med tre gonger tidlegare. Dette er så kjekt at eg berre må få det med meg, seier 16-åringen Hanna Kvamme frå Vågsøy.

Sjå alt på NRK.NO

Sverre Sandvik og Nikolai Storevik frå UKM 2012

Sverre Sandvik og Nikolai Storevik frå lydprøvene til UKM 2012.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane har rigga opp lydbuss og eigen redaksjon. Sogndal vidaregåande skule produserer tv-bilete med fire kamera på scene og backstage. Programleiarar som leier dei fire sendingane er Ronny Brede Aase, Stian Sjursen Takle og Wilhelm Støylen.

Det er eit Nordfjordeid som er bada i vårsol og fine temperaturar som gjer seg klart til å ta i mot 300 talentfulle ungdomar denne aprilhelga.

Gler seg til å kome i gang

Stian Sjursen Takle og Wilhelm Støylen

Stian Sjursen Takle og Wilhelm Støylen leder NRK sine sendingar frå UKM på Nordfjordeid denne helga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- No gler eg meg berre til å kome i gang. Det har vore mykje å gjere i forkant. UKM er jo eit stort arrangement. Men det kjem til å bli ei kjempefin helg, så eg gler meg veldig, seier arrangør Helga Didrikke Sundal ved Operahuset Nordfjord.

Fire show og utstilling

Helga er delt i fire førestillingar direkte frå storsalen i Operahuset. Sendingane startar fredag 18.50, laurdag 12.20 og 18.50 og søndag 12.20. Kvar konsert varer i omlag 90 minutt. I tillegg er det laga ei kunstutstilling som står open i Operahuset heile helga.