Hopp til innhold

Kva blir årets Fylkestopp 2009

Sju melodiar kan få tittelen årets Fylkestopp 2009. Det er du som bestemmer kven som skal vinne. Lever di røyst her.

Billa & The Kid

Billa and the Kid er mellom dei som kan vinne årets Fylkestopp med låta Vikahuset.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Høyr årets fylkestopp 2009 direkte her
Les òg:
Her er alle resultatlistene for Fylkestoppen 2009.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Håvard Lothe

Håvard Lothe

Håvard Lothe frå Florø.

Foto: Simon F. Solheim / NRK
Maria Helgesen

Maria Helgesen frå Selje.

Foto: Privat.
Stine Beate Bøthun Breilid

Stine Beate Bøthun Breilid frå Fresvik.

Foto: Pressefoto.
Tonereise

Tonereise frå Luster.

Foto: Simon F. Solheim / NRK
Billa & The Kid

Billa and The Kid frå Sogndal.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK
Glima

Glima med Torunn Raftevoll Rue frå Hornindal.

Foto: Anders Kvåle Rue
Christina Knudsen

Christina Knudsen frå Jølster.

Foto: Simon F. Solheim

Håvard Lothe frå Florø og bandet gav i 2009 ut si første studioplate med tittelen Dorian Grey. Den hausta gode meldingar og låta Oceans Between gjekk rett inn på toppen av Fylkestoppen. Låta vann også den siste fylkestoppen i 2009. Bandet hadde ei enorm oppleving då dei fekk spele for eit publikum på 40.000 under ein konsert i Kina. Hausten 2009 var dei på turne med den nye plata og i november spelte dei for Kong Harald i Grieghallen.
Oceans between - Håvard Lohte

Maria Helgesen

Maria Helgesen har vore den store profilen på fylkestopplista i 2009. Ho entra den 16.april og måtte etter seks runder forlate den med flagget til topps i novemberutgåva. Tre andre, ein tredje -og to topp-plasseringar er det blitt på 27-åringen frå Selje som laga si første vise tidleg i ten-åra.
Orchid of my collection - Maria Helgesen

Stine Beate Bøthun Breilid

Den unge artisten Stine Beate frå Fresvik vart årets Lutt-talent i 2008. Ho deltok på Julelutt det året med låta "I got to go now." Den gjekk også inn på fylkeslista i 2008, og vart liggande inne i store deler av det nye året. Låta gjekk først ut etter å ha vore med i seks månader, noko som er tidsgrensa for låtar på Fylkestoppen.
I got to go now - Stine Beate Bøthun Breilid

Tonereise

Tonereise frå Luster kom hausten 2009 ut med si nye plate med namnet Lekmann. Musikkuttrykket til Tonereise er framleis basert på songarven etter folkemusikaren Ragnar Vigdal, som i si tid samla hundrevis av gamle, religiøse folketonar. Låta "Den gamle Steinen" har lagt på Fylkestoppen heile hausten 2009, og noterte seg for ein første plass.
Den gløymde steinen - Tonereise

Billa and the Kid

Songen om Vikahuset frå sogndølene i Billa and the Kid har vore ein av dei store lokale radioslagerane i år. Den vart vinnar av Fylkestoppen i sommar. Dei tilsette og innsette i Vikahuset og radiolyttarane har nynna i lag med sogndølene på den fengjande visa, med glimt i auga. Bandet blir kalla eit av dei beste livebanda i Sogn for tida.
Vikahuset - Billa and the kid

Glima

Torunn Raftevold Rue i Glima er kanskje mest kjent som ei av dei sju Honndalstausene. Men ho har også 12 år bak seg i trioen Glima som har base i telemark. Dei gav ut plata Tåran i 2009, og vart med den nominert til ein Folkelarmpris. Glima var innom Fylkestoppen med Jølstraspringar i tre månader.
Jølstraspringar - Glima

Christina Knudsen

Christina Knudsen vart kjent gjennom lokalmusikprogrammet Lutt hausten 2009. Der framførte ho sin eigenskrivne låt Not Worth It, som også så langt har to andreplassar på Fylkestoppen. Deretter vart det speling både på NRK si jubileumsending, for Kongen under ei tunnelopning i Jølster og på Julelutt. Knudsen er elev ved musikklina på Firda vidaregåande skule og er no klar med si andre låt på spelelista til NRK Sogn og Fjordane.
Lytt til Not Worth It - Christina Knudsen