Håvard Lothe med årets Fylkestopp

Lyttarane har bestemt at Oceans Between av Håvard Lothe er årets Fylkestopp 2009.

Luttprisen overrekking til Håvard Lothe

Håvard Lothe vann årets Fylkestopp 2009. Her frå utdelinga av Luttprisen som han også fekk med seg i fjor.

Foto: Simon Solheim / NRK

Høyr vinnarlåta Oceans Between med Håvard Lothe her.

4000 røysta

Over 4000 røyster kom inn til dei sju finalistane i årets Fylkestopp 2009.
- Eg må berre takke til alle som har røysta på meg. Det slike konkurransar der lyttarane som bestemmer som betyr mest for meg, sa Håvard Lothe rett etter han vart kåra på NRK Sogn og Fjordane.
Høyr Håvard Lothe bli kåra til årets Fylkestopp.

Les òg; Håvard Lothe vann også Luttprisen - årets artist 209.
Les òg; Dette er låtane som var med i kampen.

Sterke finalistar

I finalen kjempa Håvard Lothe med Maria Helgesen, Stine Beate Bøthun Breilid, Glima, Tonereise, Billa and the Kid og Christina Knudsen. Dette var dei låtane som gjorde det sterkast på Fylkestoppen i løpet av fjoråret.
Les òg; Her er alle resultatlistene frå 2009.

Her er result frå årets Fylkestopp 2009:

Resultat årets Fylkestopp 2009

Plass

Melodi 

Artist

 

Over 4000 røyster kom inn.

Sending 21.januar 2010.

1.

Oceans Between

Håvard Lothe

2.

Orchid of my collection 

Maria Helgesen

3.

 I got to go now

Stine Beate Bøthun Breilid 

4.

Den gløymde steinen

Tonereise

5.

Vikahuset

Billa and the kid

6.

Not worth it

Christina Knudsen

7.

 Jølstraspringar

Glima 

Her høyrer du heile sendinga frå årets Fylkestopp 2009.