Hopp til innhold

Dei spelte live i Lutt

I februar gjekk dei til toppen av Fylkestoppen. I Lutt kunne du høyre dei unge musikarane spele live.

The Last Province

Aleksander Raftevold(t.h) og Tore Haraldsen i The Last Province spelte live i Lutt på NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

«The Last Province» sin store draum er å gi ut plate, og spele på Malakoff Rockfestival. Så langt har dei vore i studio og spelt inn nokre få låtar. Dei har også spelt nokre konsertar i Nordfjord og på Møre.

No toppar dei Fylkestoppen

I februar forsøkte gruppa seg på Fylkestoppen med låta «Lullaby.» Det gjekk svært godt, og bandet enda på førsteplass før både Olav Stedje og Tom Stockman.
Les og; The Last Province tok Fylkestoppen

- Det var mildt sagt heilt fantastisk. Berre det å få sjansen som utfordrarar var kjekt, seier Aleksander Raftevold og Tore Haraldsen.

Dei to besøkte Lutt og urframførte ei splitter ny låt frå popgruppa frå Nordfjordeid.

Høyr og; Høyr heile marsutgåva av Lutt.
Høyr og; Høyr intervju med The Last Province
Høyr og; Høyr The Last Province spele live i Lutt.

Bandet er sett saman av musikarar frå Eid som hadde lyst å starte eit band. Dei lagar musikken sin sjølv.