NRK Meny
Normal

- For mange syng på engelsk

- Det er alt for få band som syng på norsk. Det meiner vokalist i rockebandet Tyyl, som syng på klingande dialekt frå Sogn.

Tyyl
Foto: Per Christian Grov.

Vår identitet

- Det er vår fremste identitetsmarkør at vi syng på sognedialekt. Vi speler jo ganske standard rock, så det at vi syng på dialekt gjer at vi skil oss ut frå resten. Det seier vokalist Håvard Øyrehagen til lokalmusikkredaksjonen Lutt i NRK Sogn og Fjordane.
Høyr intervju med Tyyl i Lutt Bylarm-spesial.

Fekk merksemd for språket

Tyyl

Tyyl på klubben Mono under Bylarm i Oslo.

Foto: Per Christian Grov

Tyyl fekk positiv merksemd for språkbruken og musikken frå fleire medier under det store bransjetreffet Bylarm i slutten av februar. Mellom anna anbefalte Aftenposten sognebandet som noko ein måtte få med seg. Moss Avis trakk fram bandet som favorittar blant dei som song på morsmålet under det som er det største treffet for musikkbransjen i Norden.

Nesten ikkje norske tekstar

- Personleg så meiner eg det har vore alt for mange som har sunge på engelsk i norsk musikk dei siste åra. Det har nesten ikkje vore norske tekstar. Men det er vi veldig opptatt av, seier Øyrehagen.

- Ein annan dimensjon

Bandet meiner det blir ein annan dimensjon i rocken når dei syng på dialekt.
- Folk har høyrt denne type musikk på engelsk før, men det er kanskje ikkje så mange som har høyrt rock på sognedialekt før. Nokre skjønar kanskje ikkje tekstane med ein gong, men etterkvart gjer dei det. Sognedialekta klinger godt, seiner Håvard Øyrehagen som også skriv tekstane til bandet.

Bandet har no lagt ut nye melodiar på Myspace, og fortel at det blir speling på dialekt frå Sogn frå fleire festivalscener i sommar.
Tyyl på MySpace

Dette er Tyyl:
Håvard Øyrehagen - vokal og gitar
Jon Landsem - Trommer
Vegard Styvi Loftesnes - Bass
Torkjel solbraa - Gitar og kor