Funnet av Ekofiskfeltet - juleafta 1969 - var byrjinga på det norske oljeeventyret. Sidan då har Ekofisk produsert olje til ein verdi av heile 1000 milliardar kroner. Det er like mykje pengar som ein million familiar her i landet treng for å kjøpa seg kvar sin einebustad til ein million kroner. Eller to norske statsbudsjett.
Nå viser nye tal frå Oljeselskapet Phillips at det er like mykje olje igjen nede i havbotnen i Ekofisk som då feltet blei funne for 30 år sidan.