Hopp til innhold

Til topps med krass lærarkritikk

Med innlegget «Jeg ønsker å glede meg til å gå på skolen», vann 14 år gamle Line Larssen frå Haugesund skrivekonkurransen til Aftenposten. No er ho spent på reaksjonane frå lærarane.

Line Larssen

Line Larssen skreiv kronikk om kva som skal til for å gjera den norske skulen betre. Ho meiner nøkkelen ligg hos lærarane.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

«For meg føles skolen mer og mer meningsløs. Jeg møter opp kun for å være til stede, og akkurat det samme gjør lærerne.»

Slik byrja Line Larssen kronikken som ho skreiv til Aftenposten.

Avisa inviterte norske elevar til svare på korleis norsk skule kan bli betre. Larssen valde å fokusera på lærarane, som ho meiner ikkje er gode nok til å inspirera elevane. Og med dette bidraget vann ho heile konkurransen.

Treng meir variasjon

– Eg skreiv det fordi at eg synst det er viktig å få fram bodskapen om at me treng meir inspirasjon til å læra, dersom me ikkje får det, så kjem det ikkje til å fungera. Det er det aller viktigaste for at me skal kunne gjera det bra på skulen, seier 14-åringen.

Kronikken blei publisert på nettsidene til Aftenpostens fredag kveld, og kommentarfeltet viser at Larssen sin tekst engasjerer.

Sjølv seier niandeklassingen ved Skåredalen skole i Haugesund at hovudbodskapen hennar er få lærarane til å bli meir inspirerande.

– Dei må ta meir initiativ til å legga opp til betre timar. Gjera dei meir varierte, slik at me slepp å gjera det same om og om igjen.

Spent på lærarane sine reaksjonar

Kva lærarane hennar synst om innlegget hennar, veit ho ikkje. I dag var det planleggingsdag, og ho var difor ikkje på skulen. Men ho er spent på kva dei vil seia i morgon.

– Eg har tenkt mykje på det. Men så meiner eg óg at eg må få lov til å seia det eg meiner. Og det må dei berre finna seg i. Men eg kan og forstå at det kan vera litt vanskeleg å vera lærar akkurat no.

Ho ser også for seg at innlegget har blitt diskutert blant lærarane på planleggingsmøte i dag.

– Utan tvil. Men det skal dei ver så god få lov til. Eg likar at det blir litt debatt rundt dette, fordi då blir det teke på alvor. Så uansett kva folk meiner om det, så syns eg det er viktig at me ungdommar og blir høyrde.