Hopp til innhold

Vann Metall-pris med spesialsydd bunad

Med spesialsydd bunad av mor kunne Kvelertak-vokalist Erlend Hjelvik ta imot Spellemannpris i kveld.

Kvelertak vant pris for beste metall på hjemmebane under Spellemann 2013 i Stavanger. Vokalisten hadde spesialsydd bunad for anledningen.

VIDEO: Her fortel Kvelertak-vokalist Erlend Hjelvik om bunaden han hadde på seg då han tok imot Spellemannpris laurdag kveld.

– Det er mamma som har laga bunaden for anledningen. Då måtte eg han den på meg, gliser ein fornøgd prisvinnar Erlend Hjelvik til pressa etter Spellemannshowet i Stavanger konserthus.

Bunaden har mamma Hjelvik brukt eit halvt år på, og ho skal ikkje gjera det på ny, ifølgje sonen.

– Sinnssjukt fett

Stavangerbandet Kvelertak vann pris i kategorien «Metall» under Spellemann-utdelinga i Stavanger konserthus laurdag kveld.

– Tusen takk! Dette er sinnssjukt fett, seier vokalist Erlend Hjelvik med prisen i handa.

Kvelertak får prisen for albumet «Meir» dei gav ut i fjor. Dette er den tredje Spellemannprisen til metallbandet i løpet av karrieren deira.

– Der er litt folk som skal takkast, både manageren våre, fansen vår og venner og familie, seier Hjelvik på scena.

(Artikkelen held fram under videoen).

Kvelertak vant Metal-sjangeren

VIDEO: Her mottar Kvelertak Spellemannprisen i Metal-sjangeren.

Ingen andre rogalandsprisar

Kvelertak var den einaste gruppa eller artisten frå Rogaland som fekk pris under Spellemannshowet i Stavanger laurdag kveld.

Fire andre rogalandsartistar var nominerte, men ingen av dei nådde opp.

Med det blei det ein noko meir beskjeden prisfangst i år, samanlikna med i fjor. Då stakk Rogaland av med heile sju Spellemannprisar.

PS: Jærrockarane i bandet Skambankt mottok også pris i Stavanger laurdag. Dei fekk prisen «Årets innovatør» som blir delt ut av Spotify.

Kvelertak på Spellemann

SJÅ VIDEO: Her opptrer Kvelertak på Spellemannshowet i Stavanger laurdag kveld.