Hopp til innhold

– Eg såg flammar og høyrde eit smell frå motoren

Eva Irene Vea (29) trudde Norwegian-flyet ho sat i skulle styrta då det gjekk inn for landing på Gardermoen i går kveld. For mange kan lynnedslag i fly opplevast svært dramatisk, og om sommaren er det høgsesong.

Eva Irene Vea

Eva Irene Vea var om bord i flyet som blei treft av lynet då det skulle landa på Gardermoen sundag kveld. Flyet kom frå Stockholm, der det letta klokka 18.30.

Foto: Paul Kleiven / Privat/Scanpix

Det blei ein heimtur med litt meir dramatikk enn planlagt då Eva Irene Vea (29), frå Karmøy, skulle heim frå bryllaup i Stockholm i går.

Lasse Sandaker-Nielsen

Informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen, seier at dei har rutinar på å informera dei reisande godt etter eit lynnedslag som har treft flyet.

Foto: Norwegian

Frå vindaugsplassen hennar på venstre side i Norwegian-flyet, blei ho augnevitnet til lynet som slo ned i motoren.

– Mange skreik

– Eg såg det eg oppfatta som flammar koma frå motoren, deretter høyrde eg eit smell, og flyet blei drege litt ned mot venstre side, seier Vea til NRK.no.

Etter dette fortel ho om mange redde passasjerar inne i flyet, som ikkje visste kva som hadde skjedd.

– Det var mange som skreik, og ei svensk kvinne som sat ved sida av meg var spesielt redd.

– Kva tenkte du sjølv?

– Det var som i ein film, eg må innrømma det. Eg tenkte at flyet kom til å styrta og at dette var slutten.

Men kort tid etter kunne piloten fortelja over høgtalaranlegget, at det var lynet som hadde slått ned, og at dei kom til å landa trygt på Gardermoen.

– Då forsto eg at dette ikkje var farleg, men det var likevel svært godt då me landa. Det var ikkje som på Syden-tur, men det var mange som klappa for å sei det slik, seier kvinna som utan frykt sette seg på eit nytt fly til Haugesund to timar seinare.

Fem nedslag i fly kvar månad

Informasjonssjef i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen, har full forståing for at passasjerane opplever eit lynnedslag i flyet dramatisk.

Det er likevel ikkje uvanleg, og akkurat nå er det høgsesong.

– I snitt opplever me i Norwegian lynnedslag i passasjerfly fem gonger i månaden i sommartidene. Grunnen til at det er mest om sommaren er jo at det oftast er då me har torevêr, seier Sandaker-Nielsen.

Om flyet Eva Irene Vea i går sat i kan Sandaker-Nielsen fortelja at lynet slo ned i skroget, eller kroppen, på flyet.

– Flyet har vore gjennom ein rutinemessig kontroll, og har nå i føremiddag blitt sett tilbake i trafikken. Det var eit fly av typen 737-300, fortel informasjonssjefen.

Han understrekar at flya er bygde for å tola lynnedslag.

– Viktig med informasjon

Norwegian har rutinar på korleis dei skal handsama denne type hendingar.

– Normalt skal piloten gje informasjon like etter hendinga, deretter er det ein debrifing i etterkant, seier Sandaker-Nielsen.

Eva Irene Vea fortel at stemninga i kabinen roa seg etter dei fekk informasjon frå piloten, men at alle likevel var litt bekymra.

– Me var jo veldig på høggir, og høyrde etter på alle lydane. Mange blei litt redde av ein lyd som kom like før landinga, men eg oppfatta lyden som om motoren gjekk på eit anna turtal, seier ho.

I etterkant av hendinga fekk ikkje Vea meir informasjon om lynnedslaget.

Ifølgje informasjonssjefen blei det tatt ei vurdering, og avgjort at det var nok at mannskapet var tilgjengelege i døra for eventuelle spørsmål om hendinga.

– I slike situasjonar må me alltid sjå situasjonen an. Dei tilbakemeldingane me fekk i etterkant var at informasjonen var god nok. Men det er sjølvsagt individuelt korleis folk oppfattar dette, og om nokon meiner dei har fått for lite informasjon ber me dei om å kontakta flyselskapet, seier Sandaker-Nielsen.

Eva Iren Vea meiner ho fekk god nok informasjon for hennar del, og sjølv om hendinga var dramatisk har ho ikkje fått skrekken. To timar etter sat ho på flyet på veg til Haugesund, og snart reiser ho på sydenferie.

– Eigentleg kjenner eg meg meir trygg på å fly når eg såg kor godt dette lynnedslaget gjekk.