Hopp til innhold

Sofie har hatt ansvar for fleire barn enn ho skal: – Vi er slitne no

Sjukefråvær og vikarmangel går utover ungane, meiner dei tilsette i barnehagen. Nye tal frå regjeringa viser at tre av ti barnehagar i Noreg ikkje oppfyller pedagognorma.

Sofie Berg Skrove

Sofie Berg Skrove har fleire gongar hatt ansvar for fleire barn enn bemanningsnormen seier at ho bør.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Sofie Berg Skrove har fleire gongar hatt ansvar for fleire barn enn bemanningsnormen seier at ho bør.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er jo slitsamt. Eg jobbar jo i barnehage fordi eg vil det beste for barn. Når ein er underbemanna får eg ikkje gjort alt eg har lyst å gjere, seier Sofie Berg Skrove.

Ho er pedagog og jobbar på småbarnsavdelinga på Emmaus kommunale barnehage i Stavanger.

For nokre veker sidan hadde ho og ein kollega ansvar for åtte barn under tre år. Det er eigentleg ein jobb for tre tilsette.

Tre av ti bryt pedagognorma

Splitter nye tal frå regjeringa viser at tre av ti barnehagar i Noreg ikkje oppfyller pedagognorma.

Færre kompetente vaksne betyr mindre tid på kvart barn, mindre organisert leik og meir «barnepass» enn pedagogisk læring, fortel Skrove.

– Det er jo ein grunn til at vi skal vere so og so mange vaksne på so og so mange barn. Det betyr jo at tilbodet vert dårlegare, seier ho.

Sofie Berg Skrove ved Emmaus barnehage i Stavanger

Sofie Berg Skrove jobbar på småbarnsavdelinga, altso ei avdeling med born opp til tre år.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Tillitsvald i barnehagen bekreftar at fleire tilsette opplever det same som Skrove, og at manglande kapasitet går utover tilbodet dei kan gje til barna.

Landet er opna att, munnbindet er kasta og meteren fjerna. I barnehagane er der likevel ikkje jubel overalt.

Private barnehagar sit landsforbund (PBL) fryktar kollaps fleire stadar grunna høgt sjukefråvær.

I Norlandia Stordalen barnehage i Bodø har ti av tolv tilsette hatt korona.

I Roligheden barnehage i Kristiansand er kvar fjerde tilsette ute av jobb grunna sjukdom.

Les også Mange barnehager på bristepunktet: Frykter kollaps dersom smittetrykket øker

Daglig leder Rita Mikalsen Grøtheim og noen av ungene i Stordalen barnehage i Bodø.

Regjeringa startar nytt arbeid

For å unngå dette, startar regjeringa no arbeidet med ein ny strategi som skal gi borna eit betre barnehagetilbod.

Den skal blant anna bidra til at barnehagar får fleire barnehagelærarar og fleire fagarbeidarar.

– Det er krevjande tider, spesielt no då, seier Atle Pedersen, som er leiar i barnehagen Skrove jobbar i.

Han seier at ein må gjere ei vurdering når bemanninga er låg. For kvar einskild barnehage kan velje å redusere opningstider eller stenge avdelingar i periodar.

Nokre dagar har dei vald å gje eit tilbod om fulle opningstider, sjølv med avgrensa folk på jobb.

– Det er viktig å halde hjula i gang, seier Pedersen.

Trass i at ein ikkje kan gje eit like godt tilbod til barna med færre tilsette på jobb, meiner han at det er riktig å halde barnehagen open.

– Eg går jo rundt og ser at barna har hatt det bra. Slik må det vere i desse krisetider. Vi har vårt oppdrag både for barn og for føresette, seier leiaren.

Har prøvd å få tak i vikarar

– Gjennom heile hausten har det vore vanskeleg å finne vikarar, seier Monica Buvig Stenseth.

Ho er barnehagesjef i Stavanger kommune.

Monica Buvig Stenseth

Monica Buvig Stenseth er barnehagesjef i Stavanger kommune.

Foto: Sebastian Winum Storvik / NRK

Ho seier ho har stor forståing for at dei tilsette opplev situasjonen krevjande og skulle ynskje der var fleire vikarar so dei slepp å nedprioritere pedagogikk og læring.

– Men i dag opplever mange at det er tomt for vikarar, seier Stenseth.

Barnehagesjefen seier at kommunen i vanlege tider føl bemanningsnorma, men at sjukefråværet i det siste er ei stor belasting.

Føler seg lite høyrd

– Korleis er det å kome på jobb ein dag og vite at de er for få igjen?

– Det varierer litt. Innimellom kan ein hamne i kjellaren og tenkje at «no vert det ein slik dag igjen», seier Skrove.

– Men samstundes er der og dagar der eg berre tenkjer «okei, no må vi berre brette opp ermene og gjere det vi kan gjere», seier ho.

Håpet no er at smittebølgja vil gå over og at sjukefråværet vil falle att.

Likevel meiner Skrove at den noverande krisa synleggjer at der er eit bemanningsproblem i heile barnehagesektoren.

– Eg og fleire av oss som arbeider i barnehage føler oss ikkje sett eller høyrd av korkje kommunen eller regjeringa. Det er på tide at vi får den verdsetjinga og respekten vi fortener for den jobben vi gjer, som er ein av dei viktigaste i samfunnet, spør du meg.

Sofie Berg Skrove ved Emmaus barnehage i Stavanger

Sofie Berg Skrove meiner at den pågåande bemanningskrisa syner at barnehagesektoren treng eit løft.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK