Hopp til innhold

Togtrøbbel igjen

Jærbana har også idag problem med å halde rutetidene. I tillegg er toglinjene stengt mellom Stavanger og Sandnes.

Jærbanen står mellom Nærbø og Varhaug
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Jernbaneverket stengde strekninga mellom Sandnes og Stavanger klokka 05.30 lørdag morgon grunna arbeid med dobbeltsporet.

Den vil vere stengd til klokka 20.30 søndag kveld, skriv Aftenbladet.

Det går bussar som fraktar passasjerane på strekninga. Dette gjeld og passasjerene som reiser med regionstoga til Kristiansand og Oslo.

 

Problem også på Jærbanen

NSB og Jernbaneverket har hatt problem med Jærbanen heile denne veka på grunn av været. Mellom anna har køyreledningen falle ned to gongar grunna sterk vind.

Les artikkelen frå 22.02 Køyreledning fall ned

Det bles framleis godt i området. Det gjer at toga går med redusert fart også laurdag.

Dette fører til at fleire togavgangar får ein forseinking på omlag 15 minutt.

Stengingar i dagane framover

Mellom 26.februar og 29.mars vil toglinjene være stengde mellom Stavanger og Sandnes på dagtid.

Alle kvardagar mellom 9.30 og 13.20 er det stengt på grunn av sprengning og masseuttak til dobbeltsporet. Passasjerane blir frakta med buss.