Auken frå same same periode året før er på heile 6,6 prosent ifølgje tala Statistisk sentralbyrå.
– Fleire forretningsreisande
Det er Oslo Lufthamn Gardermoen, Bergen Flesland og Moss Rygge som står for brorparten av denne veksten.
På Stavanger lufthamn Sola, har dei også opplevd vekst. Flyplassjefen seier at veksten i utanlandstrafikken var venta.
– Men veksta me ser i innanlandstrafikken kjem nok av betre tider i næringslivet, sidan innanlandsreisande hovudsakleg er forretningsreisande, seier Leif Anker Lorentzen som er flyplass-sjef på Stavanger Lufthamn Sola.
Halvtomt mellom Bergen og Stavanger
Likevel viser tala at mellom Bergen og Stavanger gjekk kvart einaste fly halvtomt i snitt i perioden.
Det gjekk 1.200 flyavgangar mellom Bergen og Stavanger i fjerde kvartal av 2010, det vil seia 169.000 seter. 85.000 av desse setene stod ledige, noko som utgjer 50 prosent.
– Innanlandsflygingane er viktige for dei norske flyselskapa, dermed blir strekk som Stavanger - Bergen svært konkurranseutsett, noko som av og til kan resultera i større tilbod enn etterspurnad, seier Lorentzen.