Hopp til innhold

Stig Roar svingar støvkosten

I gamle dagar heldt mannfolka det hemmeleg at dei hjelpte til med julevasken – men Stig Roar viser med glede korleis jobben skal gjerast – på tradisjonelt vis.

Stig Roar Olsen

VIDEO: Stig Roar Olsen er svært glad i alt som har med 1800-talet å gjera, og viser korleis julevasken gjekk føre seg i yndlings-hundreåret hans.

Døra til den vesle leilegheita går opp, og me entrar 1800-talet. Stig Roar Olsen svingar støvkosten med stil og vigør, for her skal det skina til jul.

– I Jif-moppen og sentralstøvsugaren sin tidsalder er julevasken ein utgløymd kunst, meiner han.

Gullande reint til jul

– Julevasken var mykje meir omfattande den gongen. Men i dag har me langt fleire hjelpemiddel som gjer det lettare å driva vedlikehald gjennom året. Slik var det ikkje før. Då bygde det seg opp smuss og skit gjennom heile året, seier han.

Han er opptatt av at alt skal vera gullande reint til jul.

– Frå gamalt av skulle ein jo ha alle sju kakeslag, og ein skulle gå over absolutt alt før høgtida, til og med lampane. Og pynten skulle vera meir forseggjort enn berre det å kjøpa ein haug med julekuler, forklarer han.

Stig Roar

Golvteppet må bankast.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Han byrjar med golvteppa, som iherdig bankast. Etterpå er det filleryene får seg ein sjenerøs omgang pryl i friluft, før Olsen seier seg nøgd.

Gamal stereotype

– Det er berre ein gamal stereotype det at mannfolk liksom ikkje skal hjelpa til i heimen, og at damene skal gjera alt. Det stemmer ikkje. Det var slett ikkje uvanleg at mannfolka hjelpte til med husarbeidet. Men det skulle sjølvsagt ingen vita om, seier han.

Stig Roar derimot, er slett ikkje redd for at allmugen skal sjå han vaska golv, bæra ved og pynta juletre.

– Eg plar alltid vaska litt ekstra til jul. Det er jo ei høgtid der det skal vera litt ekstra fint, seier han, og myser ut på desemberdagen gjennom kritkvite blondegardiner og blankpussa vindauga.