Lund skulle ifølgje besøkslistene til Det kvite hus saman med sin lobbysjef og to rådgjevarar. Der skulle Lund og teamet hans møta Obamas sikkerheits- og antiterrorsjef Lisa Monaco, det skriv Dagens Næringsliv (NB! Bak betalingsmur).
Møtet skulle finna stad den 9. oktober i fjor, men på grunn av budsjettstriden i USA heldt store deler av offentleg sektor stengt på den tida, dermed vart det ingenting av møtet.
Statoil nektar å opplysa om kva føremålet med møtet var eller korleis det kom i stand.
– Det viktigaste for oss var å få fram at møtet aldri skjedde, elles har me ingen ytterlegare kommentarar, opplyser Statoil-direktør Jan Karl Karlsen, Statoil sin lobbysjef i Washington D.C. Konsernet ynskjer heller ikkje å kommentera om det er planlagt eit nytt møte.