Hopp til innhold

Start-spelar til Sandnes Ulf

Norsk-albanske Avni Pepa (23) går frå Start til Sandnes Ulf, som for første gong er klar for eliteserien.

Avni Pepa

Avni Pepa har spelt fleire landskampar for Kosovo, eit landslag som ikkje er FIFA-godkjende.

Foto: NRK Sørlandet

I dag blei det klart at Avni Pepa har blitt einige med Sandnes Ulf om ein eitt-års-kontrakt.

Dermed forblir 23-åring eliteseriespelar etter laget hans Start rykka ned.

Sørlendingen starta førre sesong 23 eliteseriekampar for Start, og var også med på å spela laget fram til semifinalen i NM, skriv Sandnes Ulf på heimesidene sine.

Før sesongen snakka Knut Tørum svært varmt om forsvarsspelaren til NRK.

Pepa har også fleire landskampar for Kosovo, som ikkje er FIFA-godkjende. Han vil vera klar for Sandnes Ulf etter nyttår.

Tidlegare denne veka blei det kjent at Sandnes Ulf mister stjernespelaren sin, Morten Eriksen, til neste sesong. Eriksen valde familien over fotball.