NRK Meny
Normal

Sovna med pizza i ovnen

Mannen hadde sett ein pizza i ovnen. Deretter sovna han.

Pisa Norwegia

Dette er eit illustrasjonsbilde.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Truleg var det alarmen i huset, som redda mannen, som bur på Jørpeland i Strand kommune. Den var tilkopla brannvesenet og gjorde at brannfolk blei sendt ut for å undersøkje i fem tida, søndag morgon. Då brannfolka kom til staden, velta det tjukk røyk ut frå bustaden og mannen låg og sov.

Pizza i ovnen

Ein sterkt svidd pizza i steikeomnen var årsaka til røykutviklinga.

– Det var ikkje brann i huset, men røyken kunne ha vore farleg, dersom ikkje den 34 år gamle mannen var blitt redda ut, opplyser Brannvesenet i Sør-Rogaland.

I OK form

34-åringen blei tatt med til legevakta, men kunne gå derfrå utan at det hadde blitt oppdaga særlege skader.