Hopp til innhold

Slutt med Adidas i Viking

Alt sportsleg utstyr blir bytta ut når Viking skiftar utstyrsleverandør.

Diadora ny utstyrsleverandør

Sportsdirektør Egil Østenstad (t.v.), Toto Wold frå Diadora og Viking-direktør Bjarne Berntsen på dagens pressekonferanse på Viking stadion.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Det er ikkje over og ut for den mørkeblå fargen på draktene til Viking. Men det velkjende Adidas-merke på brystet blir frå og med neste sesong byta ut med Diadora.

For i dag blei det klart at Viking skiftar utstyrsleverandør.

- Diadora blir den nye leverandøren av utstyr til Viking dei neste fem sesongane, seier Viking-direktør Bjarne Berntsen til NRK.

Framleis mørkeblått

Det betyr at Viking for første gong sidan midten av 1970-åra kjempar på norske fotballarenaer utan Adidas med på laget.

Drakter, fotballstrømper, keeperhanskar, fotballar - ja alt sportsleg utstyr skal frå neste sesong bli levert av Diaodora.

Men trass i ny utstyrsleverandør, leiinga i Viking lovar at den mørkeblå fargen ikkje blir tukla med.

- Likevel blir drakten forskjellig frå den me har i dag. Dei første skissene lovar godt, både for heime- og bortedrakten, lovar Berntsen.

Verdi på opp mot 25 millionar

Avtalen Viking har signert med Diadora er den desidert største utstyrsavtalen til klubben nokonsinne. Berre hovudavtalen med Lyse er større.

Med gode sportslege resultat dei neste fem åra, kjem avtalen til å ha ein verdi for Viking på mellom 20 og 25 millionar kroner.

Flere nyheter fra Rogaland