NRK Meny
Normal

Slitesiger for Oilers

Stavanger Oilers slo Lillehammer 5–3 på heimebane i den tredje semifinalen i sluttspelet i ishockey.

Oilersjubel

Oilers slo Lillehammer 5–3 i kveld. Arkivfoto.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Oilers leiar nå 2–1 samanlagt før den fjerde semifinalen i Lillehammer på torsdag.

Og trass i ein heller svak første og andre periode, var Oilers-trenar Petter Thoresen fornøgd etter kampen.

– Eg synst me var betre enn sist me spelte mot Lillehammer. Me skapte mange sjansar og innsatsen var bra, seier Thoresen til NRK.

Oilers-spelar Mats Larsen Mostue skåra siddisane sitt andre mål. Han meiner Lillehammer forsvarte seg bra og at dei utnytta sjansane sine godt.

– Samtidig føler eg at me er hakket betre og vinn fortent, seier han til NRK.

Oilers vann 6–2 i Stavanger på fredag, mens Lillehammer vann 2–1 på Lillehammer på søndag.