Hopp til innhold

I dag har mange bilar bøta med livet

I dag er dagen årsavgifta må vera betalt. Mange har heller vald å skrota bilen sin. På Norsk metallretur Haugesund på Karmøy har dei hatt den travlaste dagen på fleire år.

Bilopphugging

Det har vore ein travel dag for ansvarleg for bilopphugginga på Norsk metallretur Haugesund Carlos Tvihaug. Her klargjer han nok ein bil for opphugging.

Foto: Tor André Johannessen

– Me har hatt nok å henga fingrane i den siste veka, og særleg i dag, seier dagleg leiar Jan Egil Stølsvik.

Fleire enn tidlegare

Normalt får dei inn fire til fem bilar dagleg. Den siste veka har dei teke imot over 100. Og heile 25 av desse kom inn i dag, same dagen årsavgifta har forfall.

Grunnen til dette er at 21. mars er siste frist for å betala årsavgifta, og om du ønskjer å unngå ho må du skrota bilen din.

– Folk vel å dryga til siste frist, seier Stølsvik, som kan fortelja at det til tider har vore lange køar i dag.

Dei har fått inn meir bilar i år enn dei to føregåande år, noko han trur skuldast betre økonomi. Det ser han også på type bilar som kjem inn:

– Skrotar flottare bilar

– I dag opplever me å skrota bilar som til dømes ein Audi 100 frå midt på 90-talet, det ville ikkje skjedd for to år sidan, seier han.

Han legg til at også gamle, utrygge og meir forureinande bilar blir skrota, noko han ser på som positivt.

Mars og Juni er dei travlaste månadane for huggeriet når det gjeld mottak av bilar.