Hopp til innhold

– Ikkje rart at hunden Tønes engasjerer

På sundag vart hunden Tønes skoten på Hellestø på Jæren, og i går møtte 1000 menneske opp på minnemarkering. Saka får det til å koke i kommentarfelta på sosiale medium.

Hunden Tønes

Hunden Tønes vart skoten på Hellestø på Jæren på sundag. Det har skapt sterke reaksjoner.

Foto: Privat

– Dette er heilt utruleg. Eg kunne aldri ha drøymt om at det ville koma så mange folk, det sa hundeeigar Ole Stangeland under minnemarkeringa på Hellestøstranda i går.

Om lag 1000 menneske møtte opp for å ta avstand frå at hunden hans Tønes vart skoten.

Sidan nyheita om at så mange møtte opp kom ut, har det kokt på sosiale medium. Nokre synst det er flott at folk stiller opp, andre meiner det er heilt utruleg at ein hund skal få så mykje merksemd.

Enkelte skriv at folk heller burde delteke i markeringar for dei som har mista livet i Gaza, i staden for å bry seg om ein hund.

Psykolog Lill Kjersti Skryten meiner at det er naturleg at hunden Tønes skaper eit større engasjement enn sivile som mister livet i konfliktar lengre vekke.

– Slik er det gjerne, dessverre. Hjernen vår må økonomisere. Det som er langt vekke frå oss, og som me føler at me ikkje kan få gjort så mykje med, det bryr me oss gjerne ikkje så mykje om. Medan det som ligg oss nært til hjarte, og som berre ligg ein biltur unna, det engasjerer me oss gjerne meir i, seier Skryten.

Artikkelen held fram under bilete

Minnemarkering på Hellestø

Om lag 1000 menneske møtte på for å vise si støtte til hundeeigaren på Hellestø i går.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Likar det enkle

– Konflikta mellom hund og sau er ei konflikt som går langt tilbake. Og i denne saka er det mange som berre tek eitt parti. Og det er litt forenkla, seier Skryten.

Men det er slik me menneske likar det, i følgje psykologen.

– Me likar alltid når situasjonar er enkle, at det ikkje er så samansett. Det er klart at dei som ikkje er oppvaksne på gard, og som ikkje har noko forhold til sauer, dei vil lettare velje den eine sida. Dei vil finne det veldig enkelt å støtte hunden sidan det gjerne er noko dei har betre kjennskap til, seier Skryten.

Både hundeeigaren og mannen som skaut har meldt saka til politiet. Saka blir no etterforska, og ingen er førebels sikta eller dømde i saka.

Men på sosiale medium har mange allereie dømd mannen som skaut, skuldig. Gruppementaliteten forsterkar våre standpunkt, meiner psykologen.

– Dess fleire som er med, dess rettare føler me at det standpunktet me har teke er, seier ho.

Ho trur heller ikkje det er siste gong at me ser eit slikt engasjement.

– I vårt samfunn klarer ein å samle mykje folk på kort tid. Media og slike gruppeprosessar er mykje sterkare enn tidlegare. Me likar jo å samlast, og forsterke kjenslene våre ved å vera i eit fellesskap med andre meiningsfeller. Så det er nok ikkje siste gong at noko slikt skjer.

Om lag 1000 menneske møtte opp for å vise støtte til hundeeigar Ola Stangeland, etter drapet på hunden hans Tønes.