Hopp til innhold

Selskap får millionbøter etter ulovleg dumping av kompost

Entreprenørselskapet Stangeland Maskin og det interkommunale selskapet Ivar er no bøtelagt for å ha lagra kompost ulovleg nær Hogstadbekken i Sandnes.

Fylkesmannen på tilsyn på Hogstad

Fylkesmannen under inspeksjon på Hogstad i fjor: Før utsleppet var det både yngel og gytefisk i bekken på Hogstad.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

Bøtene er på høvesvis tre millionar og 840.000 kroner. I tillegg er to personar frå kvart av selskapa tiltalt for dei same forholda.

– Stangeland Maskin vil i lys av bøtene og tiltaleavgjerda gjere ei ny vurdering av skuldingane og ta stilling til om førelegget skal vedtakast eller ikkje, seier advokat Toralf Haver.

Det var naboar som varsla om den illeluktande bekken. Først trudde dei det kunne vere utslepp frå gardsdrifta lenger oppe, eller at hovudkloakkleidninga hadde sprunge lekk.

Lukta viste seg å kome frå ein stor haug kompost som låg utanfor komposteringsanlegget til Ivar, det interkommunale selskapet for vann, avløp og renovasjon.

På fire veker forsvann fisk og liv frå vatnet.

Kvernhusbekken på Lutsi

Før utsleppet var det både yngel og gytefisk i bekken på Hogstad.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Naboane melde saka til fylkesmannen. Fylkesmannen tok saka vidare til politiet.

Saka mot Ivar og personane der gjeld brot på forureiningslova ved at vilkår i utsleppsløyve frå fylkesmannen om at ferdig kompost skal bli lagra inne på komposteringsanlegget, er broten. Saka mot Stangeland Maskin AS gjeld brot på plan- og bygningslova, og brot på forureiningslova.

– Ivar har hatt godkjenning til å ha komposten lagra innandørs på eigen eigedom. Når dei lagrar den hos naboen, under open himmel har dei brote det vilkåret. Det var nettopp dette som ikkje skulle skje. Når det skjer over så lang tid er det klart at det er eit alvorleg brot på forureiningslova, seier Statsadvokat i Økokrim Tarjei Istad.

Ivar er ikkje samd

– Det interkommunale selskapet Ivar meiner at dei ikkje har brote utsleppsløyve og er skuffa, seier administrerande direktør i Ivar, Kjell Øyvind Pedersen.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i Stangeland Maskin, Tommy Stangeland. Han ønsker ikkje å kommentera saka, og viser vidare til selskapet sin advokat Toralf Haver.

Avfallshaug hos IVAR på Hogstad

Denne komposthaugen forureina Hogstadbekken i Sandnes.

Foto: Torkel A. Schibevaag / NRK

– Sommaren 2018 tok Stangeland Maskin AS eit oppdrag frå Ivar om å midlertidig oppbevara ferdig kompostert masse. Massen vart oppbevart på Stangeland Maskin sitt deponi, som grensar til Ivar sitt komposteringsanlegg. Stangeland Maskin har lagt til grunn at selskapet har hatt løyve etter plan- og bygningslova til lagring, seier Toralf Haver.

Advokaten seier at dei er overraska over at Økokrim har valt å dela ut bøter og reisa tiltale mot to av selskapet sine tilsette.