Hopp til innhold

Rundt 50 elevar i karantene på skule på Jæren

KLEPP (NRK): To elevar ved Orstad skule i Klepp kommune har fått påvist koronasmitte. Både lærarar og elevar er sette i karantene.

Orstad skule i Klepp kommune

TO TRINN I KARANTENE: Orstad skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Det er 5. og 8. trinn som nå må i karantene.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Tysdag ettermiddag blei kommuneoverlege i Klepp, Roman Benz, kontakta av Stavanger universitetssjukehus. To skuleelevar på Orstad skule hadde testa positivt for korona.

Den eine går i 5. klasse og den andre i 8. på den kombinerte barne- og ungdomsskulen.

– Etter føre var-prinsippet har me bestemt at alle elevane som går i 5. og 8. trinn må i karantene. Det gjeld også for alle tilsette som har vore i nærkontakt med elevane, seier kommuneoverlege Benz til NRK.

Det betyr at rundt 50 elevar og fire tilsette nå må ti dagar i karantene.

Begge er symptomfrie

Elevane er i familie med ein annan person frå Klepp som fekk påvist smitte på måndag. Vedkommande hadde då kome heim frå utanlandstur til eit raudt land.

Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp

Roman Benz er kommuneoverlege i Klepp.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Elevane har vore ein dag på skulen, og det var i går. Begge er symptomfrie, og dei har ikkje vore i kontakt med elevar utanom skulen, seier Benz.

Han understreker at personen som kom heim frå det raude landet ikkje har gjort noko feil.

– Personen gjekk direkte i karantene etter heimkomsten, og tok sjølv initiativ til å bli testa. Heller ikkje denne personen har nokon symptom, seier han.

Nærkontaktar til dei smitta vil bli kontakta av smittesporingsteamet til kommunen.

– Ifølgje definisjonane til Folkehelseinstituttet er det totalt ti personar som har vore i nærkontakt med dei to. Desse skal bli testa i morgon, seier Benz.

Elles opplyser han at det i morgon klokka 18 vil vera mogleg for andre elevar og tilsette i karantene å testa seg.

– For dei som ikkje er i karantene held skulen fram som normalt i morgon, med dei smittevernreglane som me allereie har, seier rektor ved Orstad skule, Tor Åge Risnes til NRK.

– Litt skummelt

Jone Aasland er far til ein av elevane som nå er i karantene. Han er også medlem av FAU ved skulen.

– Det er jo litt skummelt når dette skjer på ein så liten plass der me er tett på kvarandre, men me håper jo at det ikkje har spreidd seg, seier Aasland til NRK.

Han seier at tilbakemeldingane han så langt har fått frå andre foreldre, er gode.

– Me er nøgde med at Klepp har tatt tak i dette kjapt og profesjonelt, og at me har fått klare beskjedar. Nå blir det heimeundervising for dei som må vera heime, og det har skulen i vår vist at dei er gode til, seier han.