Ropar varsku om rassikring

Fleirtalspartia i fylkespolitikken i Rogaland vil ha fortgang i rassikring mellom Rødsliane og Lovraeidet på riksveg 13 i Suldal.

2. desember skal fylkesordførar Marianne Chesak møta samferdselsminister Jon-Ivar Nygård for å understreka at rassikringa må koma i gang snarast.

Med på møtet er også statsforvaltar Bent Høie og ordførarane i ryfylkekommunane.

Ap, Høgre, Sp, KrF og Venstre har også tatt med både omtale og vilje til forskottering av vegprosjektet i sitt
budsjett for 2022–2025.

Varsla oppstart for rassikringstunnelen i Suldal er om fem år, og det er på langt nær godt nok, meiner fylkesordførar Chesak

Arbeidet med å åpne riksveg 13 i Suldal er i gang.
Foto: Thomas Halleland / NRK