Hopp til innhold

Lovar rogalendingar i Vikersund om ti år

I Sauda er det store ting på gong, ifølgje hoppleiar i Sauda IL, Tor Andreas Michalsen. Han garanterer at Rogaland skal få sine første skiflygarar innan ti år – elles tek han på seg hoppskia sjølv.

Sauda-hopper

Bård Skåre (17) midt i eit luftig svev i Sauda.

Foto: Per Inge Fjellheim

Fredag byrjar VM i skiflyging i Vikersund, men det er utan rogalendingar til start. No garanterer eldsjela Tor Anders Michalsen at det ikkje skal gå lenge før også rogalendingane skal fly.

– Eg lovar at me skal ha nokon frå Rogaland i Vikersund innan ti år. Viss ikkje skal eg setje utfor storbakken sjølv, ler hoppleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Andreas Michalsen

Tor Andreas Michalsen er svært engasjert i hoppmiljøet i Sauda.

Lovande unge

Han er ein av dei store eldsjelene i hoppmiljøet i Sauda, som har den einaste store hoppbakken i Rogaland.

Sjølv om det er eit stykke frå Brattebakken i Sauda (K65) til verdas største skiflygingsbakke i Vikersund (K195) har Michalsen stor tru på at det er mogleg også for rogalendingar å bli gode nok.

– Talenta er der, men talent er ingenting utan store mengder trening. Me har ein del bra ungdommar mellom 10 og 13 år som viser stor framgang for kvart år. Eg er sikker på at dei kan nå så langt dei vil. Me var på konkurranse på Voss i fjor og gjorde reint bord. Det var imponerande å sjå kor langt dei unge hoppa, seier Michalsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ung Sauda-hopper

Tobias Skorpe Sandanger kan verte å sjå i Vikersund om ti år.

Foto: Per Inge Fjellheim

Har berre eitt ønske

Dersom lovnaden om lokale skiflygarar innan ti år skal verte innfridd, kan ikkje vêret vere slik det har vore i år. Hoppleiaren ønskjer seg berre ein ting til neste år.

– Dersom eg kan få kome med berre eitt ønske før 2013 ønskjer eg stabilt ver og ein kald vinter. Fem minusgrader og akkurat passe med snø hadde vore heilt flott. Då hadde forholda vore heilt perfekte, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hopprenn i Sauda

Kristian Birkeland gjer sitt for å sikre gode stilkarakterar.

Foto: Per Inge Fjellheim

Følgjer med frå sofaen

Sjølv om det ikkje vert lokal deltaking i Vikersund i år, skal hoppentusiasten følgje med på alle konkurransane.

– Eg har vore trenartribunen saman med dei ulike nasjonane fleire gongar tidlegare. I år blir det ikkje noko av, men eg skal sjølvsagt følgje med på TV. Plassen i godsofaen er allereie reservert, og det er ingen tvil om kva kanal som skal stå på heime i helga, seier Michalsen.

Framtidige skiflygarar?

Nokre av dei unge skihopparane i Sauda. Biletet vart teke under nyttårshopprennet i 2010.

Foto: Per Inge Fjellheim