I går blei lykketalspotten i Viking lotto delt ut, og når det berre var to personar som hadde dei riktige tala, blei det ein god slump på kvar.
Gevinsten som gjekk til ein mann i 30-åra frå Rogaland og ein annan mann i same alder frå Rana i Nordland var på heile 55.954.880.
Rogalendingen hadde store vanskar med å tru det han høyrde, då Norsk Tipping kontakta han frå Hamar.
Slik refererer dei samtalen:
– 55 millionar kroner? Norske kroner? Er du seriøs? Oh my god!
Han skal ha spurte fleire gonger om dei kunne gjenta summen. Kanskje ikkje heilt uforståeleg.