Hopp til innhold

Politiet har fått inn tips

Men skulle gjerne sett at fleire tok kontakt.

Brann i Haugesund
Foto: Tor André Johannessen

Etter to branner i same nabolag og med kort tids mellomrom i Haugesund i går, gjekk politiet ut og bad om tips.

- Det er dessverre ikkje så mange som har meldt seg, så vi ønskjer fleire tips. Nokre av dei vi har fått har vi reagert på, og de har vore nyttige. Men eg kan ikkje gå inn på kva dette dreies seg om seier politioverbetjent Torbjørn Nervik, til Haugesunds avis.

Til avisa legg han til at det er viktig at folk har låg terskel for å kontakta dei, og at informasjonen kan vere med på å utelukka aktuelle "kandidatar".

Gårdsdagens brannar føyer seg inn i ei rekkje av uoppklarte brannar i Haugesund. Det siste halvanna året har det vore meir enn 30 brannar i byen.