Hopp til innhold

Politiet etterlyser varebil etter innbrotsbølge

Ein stor varebil med sota ruter er etterlyst av politiet etter innnbrotsbølga på Jæren og i Sola i helga.

Frå fredag til søndag blei det totalt gjort 14 bustadinnbrot i kommunane Time og Gjesdal. Også i Sola har politiet fått meldingar om fleire innbrot. I tillegg har det skjedd ytterlegare tre innbrot i Rogaland polititidistrikt i går kveld og i natt.

Les også: Innbrotsbølgje på Jæren

Tre personar i varebilen

På det meste har tjuvane fått med seg verdiar på opp mot 100.000 kroner i bustadinnbrota.

– Me etterlyser nå ein varebil med sota ruter. Det var tre personar i bilen sist den blei sett på Lye. Truleg er det austeuropearar, seier Morten Slettebø ved Time Lennsmannskontor.

Fleire tips

Også Gjesdal-politiet har fått inn fleire tips etter dei mange innbrota, der det har blitt stole både gull, pengar og andre verdisaker.

– Me har blitt tipsa om både mistenkelege køyretøy og personar, seier lensmann Einar Haugland.

Politiet trur det er ein samanheng mellom innbrota. Dei fleste stadane har tjuvane tatt seg inn i bustadane via terrassedørene.