Fakta
Kjøgemeisteren for festen denne gongen, ordførar Petter Steen jr., var ikkje eingong fødd sist haugesundarane jubilerte, men han har ingen problem med å plassera byen der han høyrer heime, i midten. - Tradisjonelt har vi her på Haugalandet følt oss som to utkantar - utkant i Rogaland og utkant i Hordaland. Men når vi ser på kartet ligg vi jo fantastisk strategisk til - midt mellom Bergenshalvøya og Nord-Jæren. He skjer det meste av det som er spennande i Norge, seier han.
Skipsfart, sild og festival
Tre ord kjenneteiknar Haugesund: skipsfart, sild og festival. Men sildaeventyret som sildasjauar fekk ordføraren aldri oppleva, ung som han er. - Det hadde nok ikkje vore nokon by her hadde det ikkje vore for silda, seier han. - På sildabein er byen lagt, heiter det i dei gamle bysangene, og det er dødsens sanning.
Ein ny fireårsperiode
Om ikkje partiet hans Høgre gjorde noko brakval sist haust, så galt ikkje det ordføraren. Som den likande mannen han er, fekk han tillit hjå svært mange og kunne hengja jubileumsgåva til 100 års jubileet for byen rundt halsen for ein ny fireårsperiode.
Sakspapir kan for ein politikar sikkert vera interessant stoff, men den 42 år gamle Sveio-læraren er også svak for andre som er klarare i talen enn politikarar. - For meg er Jacob Sande det rotekte, ramsalte Vestlandet. Han er Vestlandets Alf Prøysen, seier Steen som likegodt tar eit dikt foran kamera i fredagsportrettet til NRK Rogaland.