Påkøyrd i fotgjengarfeltet

Det var ei jente i tenåra som blei påkøyrd i fotgjengarfeltet i Skippergata i Sandnes. Jenta klaga på smerter i beina og blei frakta vekk i ambulanse. Politiet har snakka med bilførar og undersøkt ulukkesstaden.