Trafikk: Sandnes

  • Mange køyrde for fort

    UP delte ut heile 29 bøter og tok også inn to førarkort i Sandnes i går kveld. Mellom klokka 18 og 21 hadde dei ein fartskontroll i 80-sona på riksveg 444. Det er firefeltsvegen mellom Soma og Skjæveland. Høgste fart var 117 km/t.

  • For stor fart rundt Bogafjell

    Nitten bilførarar fekk bot for å køyrd for fort i 80-sona på E39 ved Bogafjell i føremiddag. I tillegg fekk ni førarar bot for å brukt mobilen.

  • Køyrde inn i garasjevegg

    Ein bilførar køyrde inn i ein garasjevegg i Austråttvegen i Sandnes rett før midnatt. Bilen fekk store skader. Føraren, ein mann i 20-åra, kunne ikkje vise gyldig førarkort og blir meldt til politiet. Sjåføren kom frå det utan skade.

    Ramponert bil i fronten, Austrått Sandnes
    Foto: Heidi Karin Gilje Skog
  • Aktlaus køyring på motorvegen

    Politiet tok førarkortet tilbilføraren, som køyrde av vegen ved avkøyringa til Hove på E39, søndag ettermiddag. Politiet meinte han hadde køyrd aktlaust. Dei tre ungdommane i bilen blei frakta til legevakta, då dei klaga over vondt i ryggen.

    k