Hopp til innhold

Bli med på den høgtsvevande flyakrobatikken

Flyklubben på Sola har sett ned på oss i 30 år. NRK fekk vera med i cockpiten då piloten viste fram dei luftige kunstane sine.

Flyklubben på Sola har sett ned på oss i 30 år. NRK fekk vera med i cockpiten då piloten viste fram dei luftige kunstane sine.

VIDEO: Sjå TV-reportasjen om akrobatflyet – med luftige bilete frå langt over bakken.

Både flyklubben og flymuseet på Sola fyller 30 år i år. Dette blir feira med ein eigen flydag neste helg, og NRK har fått vera med på høgtsvevande og akrobatiske førebuingar til den doble bursdagen.

Eitt av høgdepunkta blir flyklubben sine eigne Saab Safir. Dette er fly som snart er 60 år gamle, og som i si tid fungerte som treningsfly for det norske forsvaret.

Nord-Jæren har alt

Flya egnar seg godt for akrobatikk og formasjonsflyging. Og det var ein tur i dette flyet NRK fekk prøva.

Og det er ikkje berre sjølve flyet flyentusiastane vil skryta av. Også området rundt Sola–Nord-Jæren–er heilt spesielt, meiner piloten.

Artikkelen held fram under videoen.

Bli med på den spektakulære flyturen fra Sola flyplass.

VIDEO: Sjå heile flyturen NRK-reporteren var med på. Klippet er filma med eit lite kamera som er festa på den eine vingen, og varer i 30 minutt.

– Dette området er eit av dei beste, både med flatt terreng, fjordar, sjø, strender og høge fjell, seier pilot Espen Tjetland.

– Det er lidenskap

Jubilantane heiter offisielt Sola Flystasjon Flyklubb og Flyhistorisk Museum Sola, og håpet er at Flydagen blir årleg.

– Her tar me vare på den tekniske kulturhistoria frå mange år tilbake. Dette er lidenskap for alle oss som held på i flymiljøet, seier Ole Johan Berg ved flymuseet.

Førstkomande laurdag kan også publikum bli med opp ned i lufta med eit anna fly. Men det kostar: Kvar tur, som varer i 20 minutt, har ein pris på 6000 kroner.