Hopp til innhold

Om 50 år kan dette landskapet vera vekke

Nå tar regjeringa grep for å verna om lynghei-landskapet langs heile norskekysten. Skal dei lukkast må også landbrukspolitikken leggast om, meiner rektor på Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling.

Stora Marøya

Klima- og miljøminister, Tine Sundtoft, vitja i dag Store Marøy utanfor Stavanger. Her har det vore heilt attgrodd med skog, men Naturvernforbundet har fått fram det gamle kystlynghei-landskapet.

Foto: Google maps

I dag vitja klima- og miljøminister Tine Sundtoft Store Marøy i Stavanger, og kom med nyheitene om at kystlyngen skal få eit spesielt vern.

– Kystlyngheiene er i dag ein sterkt truga naturtype, den er eit viktig leveområde for fleire truga dyrearter. Derfor vil me gjera kystlynghei til ein «utvald naturtype», sa Sundtoft.

– Kva vil det sei?

– Me ønsker å inngå frivillige avtalar gjennom skjøtsel slik at det skal vera attraktivt å ta vare på kystlyngheiene, la ho til.

Erik Thoring

Det regna godt då klima- og miljøminister Tine Sundtoft tok båten ut til Store Marøy i dag.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Utan dyr og bønder tar skogen over

Øya ho i dag vitja var i 1999 heilt samangrodd av bjørk og grantre. «Ei samangrodd naturperle» blei ho kalla av Naturvernforbundet, som tok på seg jobben med å svi av tre og få fram landskapet som var der for om lag 50 år sidan, då bønder og husdyra deira heldt skogen nede ved beite og rydding.

Dette var ein vanleg type landskap langs heile norskekysten, men nå har tre teke over. Situasjonen er alvorleg meiner ministeren.

– Viss me ikkje gjer noko nå står me i fare for at kystlyngheiene er vekke innan 50 år, seier ho.

Erik Thoring i Naturvernforbundet er ein av eldsjelene som jobbar med å halda skogen nede på Store Marøy, han delar uroa til statsråden og er glad for dagens signal frå regjeringa, som ikkje er eit vern, men som kan forhindra utbygging.

– Dette er den naturtypen som vestlandsbonden har levd av gjennom fire- til fem-tusen år. Og kystheilandskapet har vore den viktigaste beiteressursen. Det er med andre ord ein viktig del av kulturhistoria vår, som nå er i ferd med å forsvinna. Anten gror den att, eller blir den bygd ned, seier Thoring.

– Må legga om landbrukspolitikken

Ein annan som var med til Store Marøy i dag var Dag Jørund Lønning. Han er rektor på Høgskolen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren, og meiner det må meir til for å redda kystlynghei-landskapet.

– Det er bonden som har skapt lyngheia, og skal ein halda ved like lyngheia er bonden og sauen heilt avgjerande. Så derfor må me ha ein landbrukspolitikk som stimulerer til beiting med små sauerasar på lyngheia. Slik er det ikkje i dag, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland