Trond Omnes oppdaga «Himakånå» og lagde på eiga hand sti opp til henne.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKNok ein ny turistattraksjon er i ferd med å veksa seg stor i Rogaland. Sjølv om det framleis ikkje er brukt ei krone på å marknadsføra «Himakånå» på Nedstrand i Tysvær kommune, så tok om lag tre tusen personar turen denne sommaren.
– Plassen er heilt på høgde med Preikestolen, Kjerag og Trolltunga, så potensialet her er kjempestort, seier marknadssjef Ingun S. Harloff i Destinasjon Haugesund og Haugalandet.
- Les òg:
Tusen besøkande til dagen
Sidan infrastruktur som parkeringsplassar, skilting og toalett først kjem heilt på plass nå i år, har dei venta med å marknadsføra turistattraksjonen. Neste år set dei inn støyten, og då forventar dei at mange vil ta turen.
– Me veit også at dei store magasina som skriv om turar og turmål har skrive om Himakånå. Så dei snakkar om at det kan koma så mange som tusen besøkande kvar dag neste sommar, seier ordførar i Tysvær ordførar Sigmund Lier.
- Les òg:
Så langt er om lag 400 bilete merka med #Himakånå på Instagram. Eitt av dei var det Sigrun Torvestad som tok. Ho fortel til NRK at ho var svært nøgd med turen.
Tre år gamal sti
Det var så seint som i 2014 der blei laga sti opp til «Himakånå», denne laga Trond Omnes på eiga hand. For han er dette ein langt meir spanande plass enn til dømes Trolltunga, som han samanliknar den med.
– Eg har vore to gonger på Trolltunga, og for meg er Trolltunga nummer to. Himakånå er nummer ein. Du får ikkje den fine utsikta på Trolltunga som du gjer her, seier Omnes.
Dessutan er turen på om lag tre kvarter frå Askviken og opp mykje kortare.
Så vil det visa seg om Himakånå vil få like bratt vekstkurve som Trollpikken lenger sør i Eigersund kommune. Den har gått frå nærmare null besøkande til ti tusen på rekordtid.
Ordførar Sigmund Lier i Tysvær kommune, moglegheitsutviklar Annette Sæther i Haugaland vekst og marknadssjef Ingun S. Harloff i Destinasjon Haugesund og Haugalandet har alle tru på at Himakånå kan bli kjent i heile verda.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK